Hopp til innhold

Forbyr røyk og snus i skuletida

Det vert forbode å bruke røyk og snus i skuletida for elevar og tilsette ved alle vidaregåande skular i Vest-Agder.

Snus og røyk

FORBODE: Fylkespolitikarane innfører forbod mot snus og røyk ved dei vidaregåande skulane i Vest-Agder.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Det har fylkespolitikarane avgjort.

Frå før er det forbode å bruke tobakk på skulen sine området. No blir område utvida til å gjelde alle stader i skuletida.

LES OGSÅ: – Skolen må være snusfri
LES OGSÅ: Vil ikke anbefale snus foran røyk

Vanskeleg å handheve

Leiar av elevorganisasjonen i Vest-Agder, Milos Rados, trur det blir vanskeleg å handheve forbodet.

– Vi ser logikken i dette. For flesteparten av dei som går på vidaregåande skule er under 18 år, men vi trur ikkje dette er eit tiltak som vil ha særleg stor effekt, seier Rados til NRK.no.

– Ein kan ikkje setje ei vakt eller ein lærar på kvart einaste hjørne rundt skulane, i skogen og over alt. Det vil alltid vere nokon som klarar å stikke ein snus inn i munnen, seier han.

LES OGSÅ: Ungdom sier nei til snus og røyk
LES OGSÅ: Bekymret over snusbruk

Forbodet mot røyk og snus skal etter planen setjast i verk innan 2013.

– Krevjande å innføre

– Det er ei krevjande sak å innføre dette. Før vi får det til må vi blant anna avklare ein del juridiske element i forhold til arbeidstakarar, seier fylkesutdanningsjef i Vest-Agder, Arly Hauge.

Han er også oppteken av at elevane og dei tilsette må spele på lag med leiinga.

– Eg trur vi må jobbe mykje med å motivere ungdom til å ikkje starte å røyke. For å få til eit regelverk er vi avhengige av at vi samarbeider godt med alle partar om dette, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %