NRK Meny
Normal

Følg Olsbu på sprinten

Skiskyttar Marte Olsbu frå Froland har hatt si beste plassering individuelt i verdscupen denne sesongen. Fredag jaktar ho ny topplassering i tyske Rupholding.

Komm.: Andreas Stabrun Smith, Liv Grete Skjelbreid og Ola Lunde.

Sjå sprinten direkte frå klokka 14.30.

Det var under verdscupopninga i Østersund før jul at sørlendingen klinka til med si beste verdscupplassering i karrieren så langt.

Olsbu gjekk inn til ein 7. plass på normaldistansen og vart med det beste norske utøvar.

Etter det har det gått langt tråare for 25-åringen. På sprinten under verdscupen i Hochfilzen enda ho heilt nede på ein 71. plass.

Rett før jul gjekk Olsbu inn til ein 48. plass i Pokljuka.