Hopp til innhold

Føler seg sterkare enn nokon gang

Skiskyttar Lars Helge Birkeland (26) har levert sterke prestasjonar i dei første konkurransane denne sesongen. Onsdag jaktar han pallplassering i verdscupen i Østersund.

Lars Helge Birkeland

Lars Helge Birkeland har hatt ein sterk start på sesongen. Her går han Norge inn til 2. plass på mix-stafetten i Østersund i helga.

Foto: NTB scanpix

– Eg er nok generelt betre enn eg har vore tidlegare. Eg hadde absolutt planar om å vere i god form no. Det er viktig for at eg skal gå meg inn fast på verdscuplaget, seier Birkeland til NRK.

Lars Helge Birkeland imponerte mange då han gjekk Norge inn til 2. plass på mix-stafetten i Østersund i helga.

– Fenomenalt

Under sesongopninga på Sjusjøen i midten av november gjekk han inn til ein knallsterk 2. plass under fellesstarten. Berre skiskyttarkongen Ole Einar Bjørndalen var sterkare.

Torfinn Løland

Torfinn Løland er imponert over Lars Helge Birkeland.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

– Det har vore ein veldig god start. Det gjer sjølvtillit, så eg er godt nøgd så langt, seier 26-åringen.

Birkeland håpar på pallplassering i verdscupen i løpet av sesongen.

– Eg har ein 4. plass som beste plassering så langt. Det håpar eg å slå denne sesongen, seier sørlendingen.

Dei sterke prestasjonane vert sjølvsagt lagt merke til i heimbygda Birkenes.

– Det er ekstra moro når ein av våre lukkast. Det er ganske fenomenalt at han har blitt så god som han har blitt, seier eldsjel og trenar i Birkenes IL, Torfinn Løland til NRK.

Vil følgje Birkeland sine spor

14 år gamle Martin Uldal og Arne August Dalene er to av mange unge skiskyttarar som følgje med på sambygdingen på tv-skjermen. No håpar dei på suksess på onsdagens 20 kilometer.

– Eg trur han er ganske god om han skyt bra og går fort i sporet sjølvsagt, seier Martin.

På kvar trening er det opp mot 35 unge håpefulle i Birkenes. Arne August håpar å kjempe i verdscupsirkuset ein gong i framtida.

– Eg har lyst til å komme på landslaget. Det er det store målet mitt, men det er ganske vanskeleg å komme på landslaget, seier han.

11 NM medaljar

Skiskyttarar frå Birkenes har så langt henta heim 11 NM-medaljar på junior- og seniornivå. Gunn-Margit Andreassen er ein av utøvarane som har hausta medaljar.

– Eg såg litt på statistikken og alle medaljane er teke av folk innanfor ein omkrins på 5–6 kilometer rundt oss, seier Løland som står på skiskyttarstadion i Birkenes.

– Det er mange, men alle kan ikkje bli så gode som Gunn-Margit og Lars Helge. Men at nokon når toppen viser at det går an, seier Løland.

For 30 år sidan var dagens skiskyttarstadion eit grustak. Så tok lokale eldsjeler initiativ til å bygge eit skiskyttaranlegg. I dag er det til og med rulleskiløype på stadion.

– Fantastisk miljø

– Etter at anlegget kom på plass har berre interessa auka, seier trenaren.

Lars Helge Birkeland skryt av skiskyttarmiljøet i Birkenes.

– Det er eit fantastisk miljø. Det har alltid vore gøy å komme på trening. Det er mange som står på og jobbar dugnad. Det har betydd mykje for meg å ha ein slik klubb. Det er eit bra anlegg i Birkenes med rulleskibane til og med. Alt ligg til rette for dei som vil satse, seier Birkeland.

Henrik Uldal og Arne August Dalene

Henrik Uldal og Arne August Dalene driv med skiskyting i Birkenes.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %