Hopp til innhold

Fødde i baksetet på politibil: – Vi vart stressa då vatnet gjekk

Utrykningspolitiet i Agder tok søndag ettermiddag på seg ei oppgåve som truleg ikkje står i stillingsinstruksen deira.

Født i baksetet på politibil

Barnet vart fødd i baksetet på politibilen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ved 17.30-tida søndag plukka nemleg ei UP-patrulje opp ei gravid kvinne som var i ferd med å føde.

Patrulja heldt ein trafikkontroll på europavegen då det heile starta.

– Det kom ein litt småstressa ektemann og lurte på om vi kunne hjelpe kona til sjukehus. Det kunne vi, seier Sigbjørn Rygg som saman med kollega Kjell Landa fekk ein «litt» uvanleg dag på jobb.

Sette på blålysa

Hendinga fann stad ved Suvate på E39 i Søgne. Politiet sette på blålys og vende kursen mot sjukehuset i Kristiansand.

– Vatnet gjekk undervegs. Då vart eg stressa. Men makkeren min var litt meir roleg, seier Rygg som køyrde bilen.

Ved Hellemyr i Kristiansand møtte dei ein ventande ambulanse. Men barnet vart fødd i baksetet i politibilen.

– Heldigvis var ambulansen framme. Dei tok hand om fødselen, men eg sat rett ved sidan av. Det var jordmora som fekk barnet i fanget, seier Kjell Landa.

– Flott oppleving

– Når vi har fått roa oss litt, så var det jo ei flott oppleving. Det er ok å kunne hjelpe, seier Rygg.

– Vart det jente eller gut?

– Du, det er eg faktisk ikkje heilt sikker på. Men eg meiner dei sa det var ei lita jente, seier Rygg.

Kvinna og barnet vart sende vidare til sjukehuset i Kristiansand med ambulanse.

UP-sjef i Agder og Rogaland lo då NRK ringde han søndag kveld.

– Eg snakka med dei to jordfedrene for kort tid sidan. Dei var litt stressa. Dei heldt på å gjere reint i bilen. Det blir vel litt søl etter ein fødsel, seier Krogstad til NRK.

– Det er nok langt utanfor stillingsinstruksen, men det er godt vi kan vere til hjelp der det er naudsynt, ler Krogstad.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Fødsel på E39

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %