Etter folkeavstemminga i Åseral om kommunesamanslåing vart det eit klart fleirtal for aleinegang. 312 innbyggjarar stemte for å fortsetje som før, 168 ville slå seg saman med Bygland og Evje- og Hornnes, og 15 ville slå seg saman med Audnedal, Marnardal og Hægebostad. 26 personar svarte «veit ikkje».
Les også:
Rådgivande folkeavstemming
I samband med kommune- og fylkestingvalet held Åseral, som einaste kommune på Sørlandet, folkeavstemming om kommunesamanslåing. Folkeavstemminga var berre rådgivande, men det er forventa at politikarane føler seg forplikta ovanfor resultatet. Klokka 19 i kveld stengde vallokala, og dei rundt 700 åsdølane som kan stemme hadde fire alternativ dei kunne velje mellom:
- Ja til utgreiing av Indre Agder (Åseral, Evje- og Hornnes, Bygland)
- Ja til utgreiing av Midtre Agder (Åseral, Hægebostad, Marnardal og Audnedal)
- Veit ikkje
- Nei til kommunesamanslåing
Einaste i Agder
Åseral er den einaste kommunen på Agder som har beheldt dei same kommunegrensene, noko dei har gjort sidan 1837. Til trass for stor debatt landet rundt med omsyn til kommunesamanslåing, er det berre 14 kommunar i landet som gjennomfører folkeavstemming om temaet. Åseral er den einaste kommunen på Agder som gjennomfører folkeavstemming.
- Les også:
Ordførar ikkje positiv til samanslåing
Ordførar i Åseral, Oddmund Ljosland (Sp), meiner ikkje innbyggjarane i Åseral burde stemme ja til kommunesamanslåing
Foto: Svein SundsdalOrdførar i Åseral, Oddmund Ljosland (Sp), meiner innbyggjarane i kommunen bør seie nei til samanslåing.
– Eg meiner bestillinga frå regjeringa er uklar når det gjeld kva oppgåver kommunane skal ha i framtida. Det andre er at vi er få innbyggjarar, og at vi uansett blir i mindretal i ei framtidig ny kommune.
- Les også:
– Tenk dykk om
På framkant av folkeavstemminga råda statsminister Erna Solberg innbyggjarane i Åseral til å tenkje seg om.
– Det er viktig at dei tenkjer over kva slags utfordringar kommunen vil få i framtida. Kommunen skal jo gi eit tilbod til alle innbyggjarane, òg dei som treng mest hjelp. Då må vi ha fokus på fagkompetanse og ha breie nok fagmiljø.