Hopp til innhold

Fleire utlendingar kjøper hytte i Noreg

1 av 20 fritidsbustader blir selde til utlendingar nå, og bustadene blir gjerne kjøpte usett. Hytter i Agder er mest populært blant danskar, tyskarar og nederlendarar.

Steinsøya i Høvåg på Sørlandet har hatt nesten 100.000 treff på Finn.no-annonsen

Steinsøya i Høvåg på Sørlandet hadde nesten 100.000 treff på Finn.no-annonsen da han låg ute for sal for nokre år sidan.

Foto: Privatmegleren

– Ein tysk kjøpar fann eigedommen på ei tysk nettside. Han kontakta ein lokal meklar som kontakta oss. Dei såg nokre bilde, droppa synfaringa og handla, fortel Gustav Sædberg, partnar i Privatmegleren i Kristiansand.

Ifølge Sædberg er dette inga unik historie.

Stadig fleire norske hytter og fritidsbustader hamnar i utanlandske hender, gjerne utan at nokon er på synfaring eller møtest.

Les også Selger hytta billig: – Nå snør det faen meg igjen

Agnar Svindland

Sædberg minnest ei hytte i Åseral som blei seld til ein tysk kjøpar for rundt 1,1 millionar.

– Dei kjøpte usett fordi dei hadde feriert mykje i Noreg og forelska seg i landet.

Danskar, tyskarar og nederlendarar

I Agder er det flest danskar, tyskarar og nederlendarar som kjøper hytter, mens det er svenskane som dominerer lenger aust.

Tala blir målte via Prognosesenteret i Noreg som sit med tal på all tinglysning.

Vi har nå komme til at over 5 prosent av alle hytter i Noreg blir kjøpte av ein utlending, seier Sædberg.

Ifølge Prognosesenteret står utlendingar normalt for 0,5 prosent av alle hyttekjøp i Noreg. Under pandemien stod dei for 1–2 prosent, og i fjor 4 prosent.

Gustav Sædberg

Gunstig kronekurs og nærleik til natur blir oppgitt som hovudårsaker når det blir handla hytter på Sørlandet, seier Gustav Sædberg, partnar i Privatmegleren i Kristiansand.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

– Det har blitt rimelegare

Gunstig kronekurs og nærleik til natur blir oppgitt som hovudårsaker når det blir handla.

Når vi nå får ein låg kronekurs, så gjer det at Noreg er eit enda betre investeringsland, og rimelegare for dei utanlandske kjøparane å bruke, seier Sædberg.

Ifølge meklaren er det få avgrensingar for utlendingane når dei har bestemt seg for å kjøpe i Noreg.

Hadde du tatt sjansen på å kjøpe hytte usett?

Eg har sjølv hatt nokre tyskarar med på video som kikka på ei hytte. Da brukte eg 15 minutt og gjekk rundt på området og forklarte. Dei enda opp med å kjøpe, seier han.

– Skjer det at nordmenn kjøper usett?

Ja, vi har nokre få som kjøper eigedom usett, men det er ytst sjeldan, seier Sædberg.

Han fortel at meklarbransjen har tru på at denne trenden vil fortsette, også dersom kronekursen svingar andre vegen.

Vi trur at dette kjem til å fortsette. Danskane vil velje fjelldestinasjonane våre med høg grad av komfort som Trysil og Hovden. Og har du god økonomi, så kan du like gjerne handle i Noreg, seier Sædberg.

Les også Utenlandske turister kjøper norske fjellhytter – eksplosiv økning

Hans Jürgen og Birgitte Duggen, hytte, Vrådal panorama.

Fryktar prispress

Hyttesalstrenden skaper bekymring politisk.

Agder Frp fryktar at nordmenn ikkje skal ha råd til å kjøpe seg hytte i framtida.

– Norske hushald har ikkje den same kjøpekrafta som før. Det er sjølvsagt eit prispress i marknaden på hytter òg, men nordmenn blir utkonkurrerte, seier Andersen.

Les også Økning i forbruksgjeld: – Et press om å ha de nyeste tingene

Penger

Han trur også at denne trenden vil auke, og det meiner han er uheldig.

– Vi må få kontroll på inflasjonen og utgifter til privathushald. Det er også uheldig med tanke på sikkerheitsaspektet. Vi har jo også sett at hytter rundt militærleirar i Noreg er eigde av russarar, seier Andersen.

Steinar Bergstøl Andersen

Agder Frp fryktar at nordmenn ikkje skal ha råd til å kjøpe seg hytte på Sørlandet i framtida. 

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Klimaet speler inn

Klimaprognosane varslar ein ny varm sommar i Middelhavet.

Kan det også påverke hyttemarknaden?

Marknaden er delt i to. Vi har oss nordmenn som kanskje ikkje reiser til utlandet midt på sommaren, men heller vil vere i behageleg temperatur i Noreg. Så har vi utlendingane som kanskje synest det er for varmt heime, og heller vel Noreg som har meir behagelege temperaturar om sommaren, seier Sædberg.

Har du tyske eller danske kjøparar på handa nå?

Ja, eg har ein tyskar som vil ha noko i Lillesand. Men han er selektiv og veit godt kva han skal ha, seier Sædberg.

Båter passerer Justøybrua langs Blindleia på vei til Lillesand.

Båter passerer Justøybrua langs Blindleia på veg til Lillesand. Dette er ein populær stad å kjøpe hytte.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,92 kr
Dyrest kl. 18 1 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %