Hopp til innhold

Fleire usikre til seriestart

Fire dagar før seriestart har Start fleire spelarar på skadelista. Både Espen Børufsen og Ernest Asante er uaktuelle til serieopninga mot Odd Grenland søndag.

Skader i Start

SKADELISTE: Fleire spelarar er usikre eller uaktuelle for seriestarten mot Odd Grendland.

Foto: Scanpix, NRK / Fotomontasje: Sander Heggheim/NRK

Jørgen Rostrup

Jørgen Rostrup

Foto: NRK

Fredrik Strømstad

Fredrik Strømstad

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX
– Begge er i betring og har trent godt over tid, men er framleis ikkje klarert. Dei er begge uaktuelle med tanke på kamp til helga, seier medisinsk ansvarleg i Start, Jørgen Rostrup til NRK.no.

Lårstrekk

Børufsen hadde vore «bankers» på Start-laget som reiser til Skien søndag, men kantspelaren må belage seg på å sjå kampen på tv.

– Eg har slite med ein strekk i låret, som har sett meg tilbake. Eg testa litt no og det kjennest betre ut. Det er kjipt å seie, men seriestarten kjem nok for tidleg, seier Børufsen.

I tillegg er både Ole Martin Årst og Birger Madsen usikre til serieopninga. Dei to er forkjøla.

Strømstad er klar

– Det er virus i hals. Det er i utganspunktet ikkje farleg, men dei har vore hos legen begge to, seier Rostrup.

Trass i at fire er usikre eller uaktuelle til kampen mot Odd, er det også lyspuynkt å finne på skadesida i Start. Fredrik Strømstad er skadefri og klar til å hjelpe Start til poeng.

– Det ser bra ut. Eg kunne ha spelt kamp i dag, seier Strømstad.

Espen Børufsen, Start

SKADA: Espen Børufsen går glipp av seriestarten på grunn av skade.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %