Hopp til innhold

Fleire tusen kan gå glipp av storkampar

Tilskodarkapasiteten på Sør Arena vert betydeleg redusert også i år. Start dekker halve stadion med reklamebanner igjen.

Start-Jerv

Over 12 000 tilskodarar såg kvalifiseringskampen mellom Start og Jerv på Sør Arena i 2012. Ein slik folkefest blir det ikkje i år.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Folk som ikkje har billett får anten gå heim å sjå på TV eller stå utanfor og feire sigeren etterpå. Slik er det. Det er valet vi har teke, og det står vi for heile året, seier administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal til NRK.

Even Øgrey Brandsdal, Start

Start-direktør Even Øgrey Brandsdal i samtale med trenar Steinar Pedersen på La Manga i Spania.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Dei siste sesongane har felta på den øvre tribuna blir dekka med reklame, bortsett ifrå VIP-delen.

Slik blir det også i år.

Plass til 8500 tilskodarar

Til kvalifiseringskampane mot Jerv i 2015 vart dei fleste fjerna på grunn av stor interesse. Over 12 000 supportarar løyste billett til storkampen.

Slik blir det ikkje i år når både Jerv og Arendal kjem på besøk. Tilskodarkapasiteten blir på kring 8500.

Han trur ikkje det blir like stor interesse for billettar, som i samband med kvalifiseringskampen for to år sidan.

Likevel er nok sjansen stor for at nokon ikkje får tak i billett.

– Det kjem til å bli utselt. Det er vi sikre på, seier Brandsdal.

– Har de råd til å seie nei til 5000 ekstra?

– Ja, det har vi, seier han.

– Dette handlar prinsipielt om kva vi ynskjer. Det skal ikkje vere slik at det alltid er mogleg å få billett. Vi har ein gylden moglegheit til at det står utselt i lukene, og vi kan kanskje spare litt pengar på løn til billettseljarar fordi vi ikkje treng det, seier han.

Start

Her jublar Robert Sandnes for scoring mot Strømsgodset i fjor. Øvst i bilete ser du reklamebanner som dekkar den øvre tribuneseksjonen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Vil hindre sponsor-knipe

Ei av årsakene er at trufaste sponsorar skal sleppe å hamne i ei knipe, forklarar Start-sjefen.

– Det handlar litt om planlegging og respekt for samarbeidspartnarar som har betalt ein god pris for å vere synleg på arenaen. Så har vi lyst til å oppretthalde det, slik at dei ikkje skal føle press frå publikum om at dei må fjerne banner. Då er det vi som tek valet, seier han.

– Så vi står ikkje i intervju med deg seinare i sesongen der du avdukar felt for felt?

– Nei, det garanterer eg deg, seier han.

Også i Grimstad vil det truleg bli rift om billettane til kampane mot Start og Arendal. Trass i at Levermyr stadion vil ha plass til 3500 tilskodarar etter utbygging.

– Vi er heilt sikre på at dei kampane vert utselde. Er du ikkje sponsor, samarbeidspartnar eller sesongkorthaldar, så blir det vanskeleg å få billett, seier dagleg leiar Rune Jakobsen.

Rune Jakobsen, FK Jerv

Dagleg leiar i FK Jerv, Rune Jakobsen, på La Manga i Spania.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %