I Mandal viser nye tal at heile 31 prosent av befolkninga syklar dagleg. Det var i 2006 at Statens vegvesen region sør valde ut fem sykkelbyar.
Kongsberg, Sandefjord, Notodden, Grimstad og Mandal vart utvald. (Sjå statistikk nedst i artikkelen)
LES OGSÅ: Vil doble sykkelbruken i Hamar
Tal frå Transportøkonomisk Institutt viser at arbeidet har gitt resultat frå 2006 fram til i dag.
Suksessfaktorar
– Desse gledelege tala viser at arbeidet nyttar, seier regionvegsjef Andreas Setsaa i ei pressemelding.
Han meiner ein av suksessfaktorane er det gode samarbeidet i fleire år mellom fylkeskommunane, byane og vegvesenet.
LES OGSÅ: Sykler de til jobben?
Gjennom byggjing av nye sykkelanlegg, informasjon om sykling og sykkelmoglegheiter har fleire funne fram sykkelen dagleg.
Sykkeltrend
– Generelt er det ei trend som går på auka sykling over heile landet, særleg når det gjeld fritids- og treningssykling. Men det spesielle med sykkelbyane er at sykkelen her i stor grad vert brukt til kvardagssykling, seier sykkelkoordinator i Statens vegvesen, Henrik Duus.
LES OGSÅ: Vil ha flere syklister
– Folk må gjerne trene på sykkel, men vi ynskjer først og fremst at folk byter ut bilen med sykkelen på dei korte turane i kvardagen. Auka sykling gir store samfunnsvinstar både når det gjeld miljø og helse, seier han.