Hopp til innhold

Fleire stikk av etter bulking

Forsikringsbransjen opplever at stadig fleire stikk av etter å ha bulka andre sine bilar.

Bulket bil

BULK: Dette skjer dagleg. Men fleire stikk av utan å melde ifrå om bulkinga enn tidlegare.

Foto: Arkivfoto: Annette Berentsen / NRK

– Eg såg at ein hadde køyrt inn i ei av sidedørene og bulka den, seier Bjørn Langaard til NRK.no.

– Det skjedde i eit parkeringshus, så vi veit jo ikkje kven det var, seier Gunn Lohne.

– Kostbart

Dei er berre to av mange nordmenn som har opplevd å få bulka bilen sin, utan at den skuldige har gitt beskjed. Forsikringsbransjen ser at fleire og fleire syndarar stikk av.

– For nokre år tilbake var det veldig stor del av dei som var borti andre bilar som la att lapp. Så opplever dei at dette er kosbart, og bestemmer seg for å komme unna neste gang. Dette har heilt klart med pengar å gjere, seier bilteknisk konsulent i Gjensidige, Svein Kilberg til NRK.no.

Meir kyniske

Han meiner folk er blitt meir kyniske.

– Heilt klart. Vi har opplevd ei stor endring dei siste åra, seier han.

Vi snakka med fleire på gata i Kristiansand. Dei hevdar at dei ikkje ville ha stukke av dersom dei dulta borti ein annan bil.

– Nei, det ville eg ikkje. Det høyres nok kanskje litt skrytete ut, men eg trur eg hadde teke ansvaret, seier ein.

10 000 kroner

Berre i Vest-Agder smell det i gjennomsnitt 26 gonger om dagen. Ifølgje Kilberg er det store mørketal, sidan folk ikkje melder inn skader opp mot 10 000 kroner.

– Med ein eigenandel på 4-8000 kroner i tillegg til bonustap vert det dårleg butikk. Difor vel dei anten å køyre med bulken eller reparere og betale sjølv, seier han.

Både Gunn Lohne og Bjørn Langaard er einige om at det er sure pengar.

– Det er meget dårleg gjort at den andre skal få ei belasting på fleirfoldige tusen kroner, seier Langaard.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %