Hopp til innhold

Fleire sauer påført alvorlege bittskader

Fleire sauer i Setesdal vart førre helg påført bittskader. Politiet meiner det dreier seg om hundebit.

Sau bitt av hund i Setesdal

Fleire sauer har blitt skambitt i Setesdal i løpet av helga.

Foto: Politiet

Fleire sauer i området Setesdal austhei har blitt påført bittskader i løpet av helga. Mest sannsynleg er det ein hund som har angripe sauane.

To sauer er også avliva, skriv Fædrelandsvennen.

– Bønder fekk i løpet av helga beskjed frå folk som hadde sett skadde sauer. Då dei undersøkte det fann dei fire sauer som var forholdsvis alvorleg skadd, seier lensmann i Valle og Bykle, Dag Hovden.

Stammar truleg frå hund

Det er mest sannsynleg hund som har angripe sauane.

– Rovviltkontakt ved Statens naturoppsyn har undersøkt og vurdert skadane, og konkludert med at det mest sannsynleg er snakk om store hundar som har gjort dette, seier Hovden.

Det har ikkje kome fleire meldingar om liknande hendingar etter helga.

Politiet ber om tips frå folk som kan ha sett lause hundar i området.

– Vi ber om å få inn opplysningar viss nokon har observert ting i tilknyting til desse skadane. Det kan vere lause hundar i det aktuelle området, eller hundar som har gjort angrepet.

Lam bitt av hund i Setesdal

To sauer vart avliva etter å angiveleg ha blitt angripe av hund i Setesdal i helga.

Foto: Politiet

Bandtvang fram til 20. august

Det er generell bandtvang fram til 20. august. Av omsyn til både vilt og husdyr skal alle hundar gå i band fram til denne datoen.

Hovden oppfordrar folk om å gi beskjed viss ein ser hundar som ikkje går i band.

– Det beste er å gi beskjed til hundeeigar om ein ser slike tilfelle, og gjere dei oppmerksame på at det faktisk er bandtvang. Det er ikkje sikkert alle er oppmerksame på det, men det er nok mange som meiner at deira hundar er trygge. Det er ikkje rom for slike typar vurderingar, då det er eit absolutt forbod.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %