På Mosby skole og Mosby Oppvekstsenter er minst seks ruter knuste.
– Vi har fått ein del meldingar frå Mosby-området i dag. På skulen er det fleire ruter som er knuste, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen til NRK.
– Hola i rutene er små, så ingen har vore inne i bygningane, seier han.
Hærverket har truleg skjedd natt til påskeaftan.
– Forholdet er meldt til politiet og vert etterforska på vanleg måte, seier han.
I tillegg til ruteknusing har fleire teke kontakt med politiet etter at postkassar har blitt tømt for post.
– Fleire stader er posten strødd rundt. Rekningane ligg att, fortel Klausen.
Førebels veit ikkje politiet kven som står bak hærverket.
– Det kan vel vere nokon som har hatt fri litt for lenge, seier han.