NRK Meny
Normal

Fleire ruter knust etter hærverk

Politiet har teke imot ei rekkje meldingar om hærverk på Mosby i Kristiansand.

Gå til forsiden

Hærverk på Mosby skole

Hæverk på Mosby skole

Hærverk på Mosby skole

5 bilder

    På Mosby skole og Mosby Oppvekstsenter er minst seks ruter knuste.

    – Vi har fått ein del meldingar frå Mosby-området i dag. På skulen er det fleire ruter som er knuste, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen til NRK.

    – Hola i rutene er små, så ingen har vore inne i bygningane, seier han.

    Hærverket har truleg skjedd natt til påskeaftan.

    – Forholdet er meldt til politiet og vert etterforska på vanleg måte, seier han.

    I tillegg til ruteknusing har fleire teke kontakt med politiet etter at postkassar har blitt tømt for post.

    – Fleire stader er posten strødd rundt. Rekningane ligg att, fortel Klausen.

    Førebels veit ikkje politiet kven som står bak hærverket.

    – Det kan vel vere nokon som har hatt fri litt for lenge, seier han.

    Mosby skole

    Mosby skole i Kristiansand.

    Foto: Jon Anders Møllen/NRK