NRK Meny
Normal

Fleire politifolk på Norway Rock

Politiet set inn ekstra ressursar på årets Norway Rock Festival i Kvinesdal. Bakgrunnen er at Hells Angels har planlagt treff på festivalen.

Norway Rock

POLITI: Det vil bli meir politi under årets Norway Rock Festival, samanlikna med tidlegare festivalar. (Arkivfoto)

Foto: Norway Rock Festival

– Vi kjem til å satse ekstra på å vere synlege med den ordinære politistyrken som er i Lister, seier lensmann i Kvinesdal, Jan Magne Olsen til NRK.no.

Politi også på dagtid

Norway Rock Festival har bede politiet å bidra med å stoppe folk med jakkemerker, som tilhøyrer eller støttar ein kriminell MC-klubb.

Nytt av året er at politiet også stiller med folk på dagtid, og ikkje berre på kvelden. I tillegg ventar lensmannen støtte frå UP og felleskriminaleining på Agder.

Planlegg treff

Bakrunnen er blant anna at politiet tidlegare i år vart klar over at Hells Angels skal arrangere eit norgestreff under festivalen.

– Det er fleire tenestesett som er lagt opp med festivalrelaterte tenester desse dagane. Eg trur også felle krim vil vere tilstades med ei type teneste som blir meir retta inn mot narkotika og den sida av saka, seier han.

Pressesjef i Norway Rock, Åse Versland, er positiv til at politiet set inn større ressursar.

– Vi tenkjer at vi er gode på å drive festival. Vi tolkar det som at dei vil drive politiarbeid, og vi får lov til å drive festival. Det set vi veldig pris på, seier ho.