Fleire personar slått ned

Til saman sju personar skal ha blitt slått ned eller banka opp natt til søndag. Les heile politiloggen her.

Valdsepisode i Arendal

Politiet rykte ut etter at ei kvinne skal ha blitt slått ned på ein utestad i Arendal i natt.

Foto: Erik Wiig Andersen/NRK

06.17 Mandal: Ein person vart funne sovande i sentrum. Personen var tydeleg rusa og vart køyrt heim av politiet.

04.24 Mandal: Ein person skal ha blitt slått av det politiet kallar ubudne gjester. Personen vart køyrt til legevakta. Politiet hevdar at dei kjenner identiteten til gjerningspersonen.

03.57 Valle: Ein bilførar vart stoppa, mistenkt for køyring i rusa tilstand.

03.16 Grimstad: Politiet avslutta ein privat fest.

02.57 Arendal: Ein bilførar vart stoppa, mistenkt for køyring i rusa tilstand .

02.36 Kristiansand: Ein bilførar vart stoppa ved brannstasjonen mistenkt for køyring i rusa tilstand.

02.08 Mandal: Ein person vart meld for urinering på offentleg stad.

02.04 Arendal: Ei politipatrulje kom over ei kvinne som låg bevisstlaus på Langbrygga. Det er ikkje klart kva som har skjedd, men det kan dreie seg om eit fall. Kvinna vart send til sjukehus.

01.48 Grimstad: Ein person vart slått ned i sentrum. Personen vart henta av ambulanse, men skal ha vore bevisst. Ein person vart seinare pågripen av politiet.

01.44 Arendal: Ein person vart meld for drikking på offentleg stad.

01.36 Arendal: Ein person vart meld og sett i arresten etter å ha laga bråk i sentrum. Personen nekta også å gi personalia til politiet.

01.18 Arendal: Ein person vart skalla ned på ein pub i Arendal. Personen har truleg knekt nasa og vart køyrt til legevakta. Politiet kjenner identiteten til gjerningspersonen.

00.58 Arendal: Ei kvinne vart slått ned på ein utestad i sentrum. Gjerningspersonen vart pågripen. Seinare vart også ein annan person pågripen etter å ha blanda seg inn. Kvinna vart køyrt til sjukehus for behandling.

00.35 Kristiansand: To personar skal ha blitt slått ned av ukjende i Kristiansand. Dei to har ikkje meldt saka til politiet.

00.24 Kvinesdal: Ein mann skal ha blitt banka opp på ein fest. Mannen vart køyrt til sjukehuset i Flekkefjord for behandling. Ein person er pågripen.

00.00 Grimstad: Ein utanlandsk varebil vart stoppa etter mistanke om smuglarvarer i bilen. Bilføraren vart sett i arresten.

23.40 Grimstad: Politiet fekk melding om bråk på ein privat fest på Imenes skytterhus. Ein person vart teke med i ambulanse for sjekk.

22.12 Vennesla: Unge gutar skal ha fyrt opp fyrverkeri på ein veranda. Verandaen og nokre hagemøblar tok fyr. Personen som melde ifrå klarte sjølv å sløkke flammane.

20.28 Arendal: Politiet fekk melding om ein fest med fleire mindreårige. Politiet avslutta festen og fleire 15-åringar vart overlete til foreldra sine.