– Statens vegvesen har evaluert tre vegstrekningar med automatisk måling av gjennomsnittsfart. Evalueringa viser redusert ulukkesrisiko med opptil 35 prosent, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.
- LES OGSÅ: Skeptisk til gjennomsnittsmåling
Færre dødsulykker
– Eg har difor gitt grønt lys til at vegvesenet i år kan setje i verk slike målingar på ytterlegare 11 vegstrekningar, seier ho.
Evalueringa viser at risikoen for dødsulykker på E6 ved Dovreskogen er redusert med rundt 35 prosent etter at det vart innstallert automatisk måling av gjennomsnittsfart.
- LES OGSÅ: Hærverk på gjennomsnittmålerne
Desse får måling
– Det viktigaste tiltaket for å redusere dødsulykker og alvorlege ulykke på vegane er å få sjåførane til å halde fartsgrensene og å tilpasse farten etter forholda, seier Meltveit Kleppa.
Følgjande strekningar kan få gjennomsnittsmåling i 2011:
- Fv 653 Eiksundtunnelen, Møre og Romsdal
- E39 Byfjordtunnelen, Rogaland
- E6 Helltunnelen, Trøndelag
- E8 Tromøysundtunnelen, Troms
- Rv 7 Hallingdal, Buskerud
- E8 Lavangsdalen, Troms
- Rv 475 Flekkerøytunnelen, Vest-Agder
- E16 Lærdalstunnelen, Sogn og Fjordane
- Rv 25 Elverum - Trysil, Hedmark
- Rv 8 Stryken - Grua, Oppland
- Fv 57 Lindås - Lauås syd, Hordaland
Effektivt tiltak
Samferdsleministeren seier samstundes at det kan bli aktuelt med gjennomsnittsmåling på 40 nye strekningar dei neste tre åra.
- LES OGSÅ: Vil overvåke flere veier
Øystein Krogstad
Foto: Frans Kjetså / NRK– Automatiske målingar av gjennomsnittsfart er eit effektivt tiltak når det gjeld å betre trafikktryggleiken. Omsynet til personvernet til bilistane skal og ivaretakast ved direkte automatisk sletting av data for dei bilistane som held fartsgrensene, seier ho.
UP-sjef jublar
UP-sjefen på Agder, Øystein Krogstad, er glad for at Flekkerøytunnelen i Kristiansand truleg får automatisk gjennomsnittsmåling i løpet av året.
– No er vi blitt bønnhøyrt. Det var dette vi ynskte etter stygge tilbakemeldingar om råkøyring i Flekkerøytunnelen for kort tid sidan. Det ynskjer eg rett og slett hjarteleg velkommen, seier han til NRK.no.