NRK Meny
Normal

Fleire hundre utan straum

Rundt 850 husstandar er utan straum i Kvinesdal, Sirdal og Eiken sentrum.

reparasjon av strømlinjer på Sørlandet 2

REPARASJON: Fleire husstandar er utan straum på grunn av tung snø. (Arkivfoto)

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Årsaka er tung snø som har fått straumleidningar til å ryke.

Agder Energi opplyser til NRK.no at dei jobbar på spreng med å feilretting og håpar å få straumen tilbake om ikkje lenge.

Jobbar på spreng

– Vi gjer alt vi kan for at folk skal få straumen tilbake så raskt som mogleg, seier Hanne Liv Refsnes i Agder Energi til NRK.no.

Før helga vart det meldt om mykje nedbør i landsdelen. Det er venta store mengde tung og våt snø. Difor har Agder Energi auka beredskapen denne helga.

Mykje mannskap

– Det kan bli et tungt snøfall med mye tung snø. Det kan skape store problemer for linjene våre. Vi har sikret at vi har nødvendig mannskap som er tilgjengelig når snøen blir tung og utfordrende, sier administrerende direktør i Agder Energi, Svein Are Folgerø til NRK.no