Fleire hundre barn treng fosterheim

Ekteparet Øksendal Natvig har i 18 år opna heimen sin og teke imot fleire fosterbarn. Dei håpar fleire vil gjere det same.

Heidi og Leif-Otto Øksendal Nattvig har vært fosterhjem for barn i 18 år.

Heidi og Leif-Otto Øksendal Natvig har vore fosterheim for barn i 18 år.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Etter å ha fått tre barn valde Heidi Øksendal Natvig og Leif-Otto Natvig å tilby ein heim for barn som trong fosterheimar. Det har kravd mykje, men ekteparet frå Kristiansand seier det har vore ei utruleg oppleving.

– Det har verkeleg forma oss som menneske. Vi innsåg vi hadde vilje og hjarte til å hjelpe barn. Det har vore ei utfordring med å treffe alle behova sine, men vi har funne måtar som fungerer. No sit vi igjen med mykje kjærleik.

Deira eigne barn er no vaksne og seier dei har lært ting dei aldri kunne lese i ei bok.

Strekk ikkje til

Bufetat har for augneblinken 552 førespurnader på barn som treng fosterheim og på landsbasis er det nå 300 barn som ventar på fosterheim. Berre i Agder fylke er det 54 barn som treng ein fosterheim, men talet på fosterheim strekk ikkje til.

– I dag er det ikkje tilstrekkeleg med familiar i fosterheimsbanken som kan ta imot desse

Merete Lindtner er avdelingsleder i Kristiansand og fagleder for grupper og rekruttering i fosterhjemstjenesten Bufetat region Sør.

Avdelingsleiar for Bufetat i Kristiansand, Merete Lindtner håpar fleire folk vil vurdere å bli fosterheim.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

54 barna i Agder som treng ein fosterheim. Slik har det vore i mange år, seier Merete Lindtner.

Ho er avdelingsleiar i Kristiansand og fagleiar i fosterheimstenesta Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) region Sør.

I region Sør som inkluderer Agder, Vestfold og Telemark og gamle Buskerud er det 140 barn som treng fosterheim.

Barne- og familieminister, Kjell Ingolf Ropstad er godt kjent med problemstillinga.

– Dessverre er det framleis ein utfordring å rekruttere nok fosterheim, og det gjør vondt at mange barn må vente på fosterheim.

Antall henvendelser per region om barn som treng fosterheim:

  • Øst (avd. Akershus, Hedmark, Oppland og Østfold): 159 barn.
  • Sør (avd. Agder, Buskerud, Vestfold og Telemark): 135 barn.
  • Vest (avd. Bergen, Førde, Haugesund og Stavanger): 124 barn.
  • Midt (avd. Molde, Steinkjer, Trondheim og Ålesund): 83 barn.
  • Nord (avd. Nord-Norge): 51 barn.

Vanlege folk

– Det er utruleg trist fordi vi veit at det skal mykje til for at eit barn skal bli plasserte, seier fostermor Heidi Øksendal Natvig.

Ekteparet meiner det er viktig at folk får vite om fosterheim og kva det vil seie å vere fosterheim for barn.

– Det er ikkje noko spesielt med oss, anna at vi har eit engasjement og ei lyst til å bety noko. Desse barna fortener å få gode heimar, seier Øksendal Natvig.

Ho trur det er mange som lèt seg stoppe av frykt om kva det eigentleg vil krevje.

– Ikkje la deg skremme av at det er mykje du ikkje veit, for sånn er det jo uansett når du får dine eigne barn for første gong. Du veks inn i oppgåva.

Heidi Øksendal Natvig og Leif-Otto Natvig har mange fine minner med de tre barna som har hatt fosterhjem hos ekteparet.

Heidi Øksendal Natvig og Leif-Otto Natvig har mange fine minne med dei tre barna som har hatt fosterheim hos dei.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Leif-Otto Natvig fortel at det kan vere fort gjort at fosterheimsrolla hamnar hos fostermora. Han påpeikar at også fosterfedrane har ei viktig rolle i fosterheimen.

– Vi som er fosterfedrar har ei veldig viktig rolle som mannsrolle. Ikkje ta eit skritt tilbake, ta heller eit skritt fram.

Håpar fleire tek kontakt

Lindtner håpar no folk bruker sommaren på å tenkje over å bli fosterheim. Ho jobbar med å organisere møte og opplæring til familiar som er interesserte.

– Det er bønna mi fordi det kan vere avgjerande for livet til eit barn. Dei som er interessert bør gå inn på fosterhjem.no og ta kontakt. Det er ikkje bindande om nokon vil ha ein samtale.

Mangel på fosterheim har vore ei problemstilling gjennom mange år. I 2017 var det like stort behov som det er i dag. Lenkje til sak i siste setning.

I vår la regjeringa fram ein strategiplan med tiltak for å styrke tilbodet til barn som treng fosterheim. Målet er ifølgje Ropstad at færre barn skal måtte vente på eit fosterheim.

– I statsbudsjettet har vi sat av over 45 millionar kroner til å styrke tilbodet til barn i fosterheim.