Hopp til innhold

Fleire blir smitta av korona: – Vi er førebudde på eit auka trykk

Talet på innleggingar med koronavirus er venta å auke utover hausten. Kommuneoverlegen i Lillesand meiner dei aller fleste ikkje treng å bekymre seg.

Koronatest

Folkehelseinstituttet (FHI) ber kommunar og sjukehus om å vere førebudde på at innleggingane med korona kan auke utover hausten.

Foto: Erik Johansen / NTB

Prøvene på sjukehusa viser at det er ei dobling av folk som er innlagde på grunn av korona. Det er også ei stigning av smittetilfelle blant dei innlagde, seier kommuneoverlege i Lillesand Thor-Erling Engemyr.

Det er tal frå sjukehusa som viser at smitten er i ferd med å ta seg opp.

Kommunane måler ikkje talet på smittetilfelle lenger.

Kommuneoverlege i Lillesand, Thor-Erling Engemyr i forbindelse med sak om korona 2023.

Thor-Erling Engemyr er kommuneoverlege i Lillesand. Han oppmodar alle som er i risikogruppa til å vaksinere seg.

Foto: VETLE HJORTLAND / NRK

Førebudd på fleire smittetilfelle

Folkehelseinstituttet (FHI) ber no kommunar og sjukehus om å vere førebudd på at innleggingar med korona kan auke utover hausten.

Ifølgje Engemyr er det ikkje overraskande at det kjem ein auke i smittetilfelle no.

– Det er heilt naturleg. Det ser vi kvar haust. Alle desse virussjukdommane får ein auke i løpet av hausten og vinteren.

Les også Fleire melder om mageproblem etter koronasjukdom

Anki Helgor

Ikkje grunn til bekymring

Trass i auken i smittetilfelle treng ikkje folk flest å bekymre seg, meiner Engemyr.

– For dei aller fleste av oss er korona ein mild sjukdom. Men eg vil tilrå vaksne over 65 år og personar med kronisk sjukdom å ta vaksinen som blir tilboden i løpet av hausten.

Han vil også oppmode dei som er sjuke til å halde seg heime.

– Har du feber, er forkjølt eller sjuk bør du halde deg heime.

Engemyr seier Lillesand kommune er førebudd på å køyre ein offensiv vaksinasjonskampanje.

– Og vi er førebudde på større sjukefråvær blant våre tilsette.

Les også Kaja (3) ble alvorlig syk etter huggormbitt – dette bør du gjøre hvis det skjer deg

Viser 3 år gamle Kaja etter Huggormbitt. Bilde tilsendt av familie til sak.

NRK Sørlandet
Spiller nå
På innsiden av Kunstsiloen 01:06
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 2,01 kr
Dyrest kl. 18 2,74 kr

Strømkostnader nå

Med strømstøtte

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Okt 2022 – okt 2023
    + 8,5 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %