Hopp til innhold

Fire tekne for tjuvfiske

Ingen av dei fire tyskarane hadde betalt fiskeavgift eller løyst frikort i elva Lygna i Lyngdal. No åtvarar lensmannen mot tjuvfiske og vil ha betre skilting.

Anne Margrethe Ruud

TJUVFISKE: Lensmann Anne Margrethe Ruud ser alvorleg på tjuvfisket.

Foto: Mari-Ann Albrektsen / NRK

– Det er to fredingsdagar i Lygna og desse bør respekterast. Eg oppfattar at folk som bur i området er kjende med det og respekterer det, seier lensmann Anne Margrethe Ruud til NRK.no.

– Då er det påfallande at vi ser folk som fiskar på dagar, som ein veit at det er freding, seier ho.

Uvitande tyskarar

Måndag morgon observerte ei politipatrulje to fiskarar. Politiet tok kontakt med dei to fiskarane, som viste seg å vere frå Tyskland. Tyskarane hadde ikkje fiskekort og hevda at dei ikkje visste om fredinga.

– Det låg vel litt i korta at dei visste at dei måtte ha fiskekorta, men hadde teke seg litt til rette, seier Ruud.

– Det det var freding visste dei ikkje, men det er slik informasjon du får når du kjøper fiskekort, seier ho.

Jarle Olsen frå Grimstad var sjølv ute for å prøve fiskelukka i Lygna onsdag. Sørlendingen har betalt både fiskeavgift og fiskekort.

– Bør straffast hardare

– Eg tykkjer ingenting om det. Det er godt å at det er oppsynsmenn som sjekkar dei. Det er dei som må kontrollere, seier han til NRK.no.

Det var Farsunds Avis som først skreiv om tjuvfisket. Dei fire fiskarane, som fiska etter laks og sjøaure har fått bøter frå 3000–5000 kroner.

Dermed vart det dyr kilopris på fisken for tyskarane – dersom dei i det heile fekk noko. Men meiner Olsen er for lite.

– Eg tykkjer dei bør straffast hardare, seier han.

Dårlege unnskyldningar

– Vanleg bot på ein dag det ikkje er lov til å fiske og når du ikkje har fiskekort er på cirka 5000 kroner, seier lensmannen.

– Er tjuvfiske eit kjent problem?

– Det har vel vore eit større problem tidlegare. Vi opplever at det vert respektert, så det er eit mindre problem no enn tidlegare, seier Ruud.

Petter Røren er medlem av fiskerioppsynet og er ein av dei som tek tjuvfiskarane.

– Dei har meir eller mindre gode unnskyldningar. Men dei har plikt til å setje seg inn i reglane. Dei seier til dømes at dei trudde det var lovleg å fiske den dagen. Dei hadde høyrt noko anna ein annan stad. Mange av argumenta er nokså tynne, seier han.

Vil ha betre skilting

Så langt er seks fiskarar tekne for tjuvfiske i Lygna i år. Men Røren trur fleire fiskar ulovleg.

– No er vi ganske mange i oppsynet i år, så det vert kontrollert meir enn tidlegare, seier han og varslar fleire kontrollar resten av sesongen.

No vil lensmannen i kommunen ha endå betre skilting av fiskereglane.

– Eg vil jo tru at meir skilting vil føre til at dei som ikkje veit om det vil la vere. Då må ein også ha det på fleire språk slik at turistane ser det.

– Risiko for å bli teken

– Elles er det jo opp til den enkelte å setje seg inn i regelverket som er. Dei fleste veit at ein må ha fiskekort i Norge, legg ho til.

Lensmannen påpeikar at det alltid er ein risiko for å bli teken dersom ein droppar å kjøpe fiskekort.

– Dei to tyskarane vart observert av ein politipatrulje på ein dag som ikkje er lov til å fiske. Dei to andre vart avslørt etter tips frå folk som passar på, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %