Hopp til innhold

Fire strake tap: – Det er tungt å vere ØIF-spelar no

ØIF Arendal tapte 21-26 på heimebane mot Fyllingen Bergen. Det betyr at laget står med fire strake tap.

– Det er veldig vanskeleg. Ting går ikkje på skinner om dagen. Det er tøft, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.

– Eg er skuffa og lei meg over at vi ikkje presterer betre enn dette på heimebane. Vi går ikkje i krigen for kvarandre i dag, seier Kenny Ekman til NRK.

Arendalittane kom skeivt ut allereie frå start mot bergensarane. Åtte minutt ut i kampen leia bergensarane med fire mål.

Tre strake serietap

ØIF Arendal tok time-out, men klarte aldri å svare. Stillinga til pause var 13-9 til gjestene frå Bergen.

Svenn Erik Medhus i ØIF-målet fekk lite hjelp av forsvaret. I angrep måtte dei 1200 tilskodarane sjå bom etter bom. I tillegg gjorde gjestene si målvakt, August Elmberg, livet surt for ØIF Arendal.

ØIF Arendal har dermed tapt dei tre siste kampane i eliteserien. Tek vi med cup-tapet mot Stord står laget altså med fire strake nederlag.

Før sesongen gjekk laget offensivt ut og sa at dei skulle ta ein tittel. Laget er allereie ute av cupen og står med tre tap på dei fem første kampane i eliteserien. Kaptein Eirik Heia Pedersen vil likevel ikkje vere med på at dei la lista for høgt.

– Eg tykkjer vi har lag til å gjere det. Men det kjem nokre dritkampar av og til. Det skjedde i cupen og det kjem nok fleire slike. No må vi sørge for at vi har færre tap enn dei andre laga framover, seier Heia Pedersen.

– Må gi jernet

Til helga skal arendalittane spele europacup i Sør Amfi. Der er kviterussiske Minsk mostandar i to kampar. Der håpar Ekman at laget finn tilbake til vinnaroppskrifta.

– Det er berre å gå vidare, krige og gi jernet. Det er kun det vi blir betre av, seier Kenny Ekman.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %