NRK Meny
Normal

Fire Start-mål i sesongdebuten

I fjor tapte Start 0–4 mot Vindbjart i cupen. Fredag kveld knuste Start venndølane i Steinar Pedersen sin første kamp som trenar i eliteserieklubben.

Mathias Rasmussen

Sjå måla frå oppgjeret mellom Start og Vindbjart.

– Eg tykkjer at gjennomføringa i ein treningskamp som dette var bra, seier Start-trenar Steinar Pedersen til NRK.

Start Vindbjart

Lars Jørgen Salvesen opna scoringsballet etter ti minutt.

Foto: Sander Heggheim

Lars Jørgen Salvesen sende eliteserieklubben i leiinga berre ti minutt ut i første omgang i Sørlandshallen.

Naglestad putta

Rett før pause dobla Markus Naglestad leiinga etter rot i Vindbjart-forsvaret. Kristiansandaren er på prøvespel i Start. I fjor scora han 26 mål for 2. divisjonsklubben Gjøvik/Lyn.

– Han har vore bra på trening og har ein del spennande ting med seg. Så får vi sjå kva som skjer og korleis det blir, seier Pedersen.

Scoring Markus Naglestad

Markus Naglestad scora eitt mål for Start.

Foto: Sander Heggheim

– Har han dei kvalitetane du ser etter og ynskjer?

– Markus er ein målscorar. Dette var 2. divisjonsmotstand. Så kjem nok lista til å liggje høgare etter kvart. Eg tykkjer han klarte seg bra i dag. Så får vi sjå kva som kjem ut av det, seier han.

Intervju med startspiller Espen Hoff etter treningskamp mot 2. divisjonslaget Vindbjart.

– Burde ha halde nullen

Også i andre omgang var Start det beste laget. Først sette Matias Rasmussen inn laget si tredje scoring for kvelden.

Få minutt seinare var det veteranen Espen Hoff som sette ballen i mål til 4–0. Daniel Johansen reduserte til 1–4 for Vindbjart sju minutt før slutt.

Det vart også sluttresultatet.

– Vi har jobba mest med det offensive spelet. Er du god med ball slepp du å spele lågt etablert forsvar heile tida. Vindbjart er eit bra spelande lag og stiller oss nokre spørsmål i forhold til måten vi skal forsvare oss på. Vi har lite sjansar imot og då burde vi ha halde nullen, seier Pedersen.

Intervju med ny start-trener Steinar Pedersen