Hopp til innhold

Fire mista lappen på E39

Her er politiloggen natt til laurdag.

03.18 Vennesla: Politiet fekk klager på høg musikk på ei adresse i Vennesla. Politiet reiste til staden og fekk dempa musikken.

02.30 Lindesnes: Ein person som politiet omtalar som rusa og bråkete vart teken med til arresten.

Kristiansand: Fire bilførarar mista sertifikatet etter ein trafikkontroll på Vesterveibrua på E39 i Kristiansand natt til laurdag. Det vart i tillegg skrive ut ni forenkla førelegg. Høgste målte fart i 60-sona var 100 km/t.

02:18 Kristiansand: Ein 33 år gammal mann vart sett i arresten etter å ha slått til ei vakt på ein utestad. Kort tid seinare vart tre andre personar sett i arresten etter å ha laga bråk på same utestad.

01.05 Arendal: Tre personar vart sende til legevakta for sjekk etter ei trafikkulykke på Nedenessletta i Arendal. Ein bil køyrde i ein lyktestolpe. Politiet beslagla sertifikatet til føraren av bilen.

00.55 Lillesand: Ein rusa mann vart vist bort frå sentrum, men nekta å godta dette. Det gjorde at politiet køyrde mannen til arresten.

00.41 Kristiansand: Politiet rykte ut etter melding om ein slåstkamp ved togstasjonen. Fornærma ville ikkje melde saka, ifølgje politiet.

00.08 Kvinesdal: Ein 43 år gammal mann er mistenkt for promillekøyring på moped. Politiet har beslaglagt førarkortet til mannen. I tillegg har dei sikra blodprøve.

23.55 Søgne: Politiet fekk fleire meldingar om ein mann som var rusa og oppførte seg aggressiv på Tangvall. Politiet fjerna mannen frå staden.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %