Rannfrid Rasmussen frå Kristiansand, som også er Norges rikaste kvinne, er står oppført med 2,468,772,914 kroner i formue.
Dag Rasmussen, også han frå Kristiansand, har over 1,7 milliardar kroner i formue. Rasmussen hadde 6,2 millionar kroner i inntekt i fjor og betalte nesten 22 millionar kroner i skatt.
Knut Nikolai Tønnevold Ugland frå Grimstad står oppført med nesten 1,6 milliardar kroner. Tønnevold Ugland er barnebarnet til avdøde Johan Jørgen Ugland, og arva shipping- og verftsimperiet då han døydde.
Einar Aas frå Grimstad er den siste sørlendingen som kan skryte på seg milliardformue. Aas står oppført med nokså nøyaktig ein milliard i formue.