Det første innbrotet vart meldt inn like før klokka tre natt til måndag i ein verkstad i Marvika i Kristiansand.
Ein person vart arrestert kort tid etter at innbrotet vart meldt inn.
To arrestert
– Mannen hadde lagt klar ein del gods. Fleire dataskjermar og verktøy. I tillegg vart det funne ein bag med eit luftgevær, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Ole Bjørn Kleivane til NRK.
Kring ein time seinare melde ei vakt i hamna inn eit innbrot på Christiansholm festning i Kristiansand.
Her vart to personar arrestert kort tid etter.
– Vakta observerte at to personar tok seg inn eit vindauge på baksida. Begge to vart arrestert og vil bli avhøyrt, seier Kleivane.
Stal sigarettar og kontantar
I morgontimane måndag vart eit tredje innbrot meldt inn til politiet. Tjuvar har teke seg inn i eit bustadhus i Gjerstad. Førebels har ikkje politiet nokon mistenkte, men krimteknikarar har sikra spor. Saka vil bli etterforska måndag.
Like før klokka 10 måndag føremiddag vart politiet varsla om eit innbrot i Lyngør handelshus. Her skal kontantar og sigarettar vere stole.
– Også her vert det sett i gang etterforsking. Ingen er arrestert så langt, seier operasjonsleiaren.