Fire eldre døydde av influensa

Det vart slått full alarm då fire pasientar ved omsorgssenteret i Farsund døydde i løpet av kort tid. No viser det seg at kraftig influensa tok livet av dei.

Dødsfall ved Farsund Omsorgssenter

DØDSFALL: Fire eldre bebuarar ved Farsund omsorgssenter døydde av influensa. (Arkivfoto)

Foto: Cathrine Mjøs Sviggum/NRK
Geir Stangeland, smittevernlege Sørlandet sykehus, Kristiansand.

VARSLA: Smittevernlegen vart varsla om dødsfalla. Tiltak vart raskt sett i verk.

Foto: Reidar Mosland / NRK

– Når denne meldinga kom i førre veke var det ei veldig alvorleg sak og grunn til å reagere, seier smittevernlege, Geir Stangeland til NRK.no.

Totalt var det 16 personar på to langtidsavdelingar. Fire av dei døydde med symptom på luftvegssjukdom. Det gjorde at det vart sett i gang eit storstilt arbeid for å hindre at fleire av bebuarane på omsorgssenteret vart smitta.

Var isolert

– Det er alarmerande når så mange som fire døyr. Alle på dei to langtidsavdelingane vart isolert frå resten av omsorgssenteret, og det vart sett i verk omfattande smitteverntiltak i samarbeid med både interne og eksterne fagfolk, seier einingsleiar ved senteret, Reidar Medby til Farsunds Avis.

Totalt vart 11 pasientar smitta, inkludert dei fire døde. Seinare vart både legionella, influensa og fleire typar virus kontrollert som årsak.

– Det viste seg at det var ein influensatype som hadde herja ganske kraftig på dette senteret, seier Geir Stangeland.

Har kontroll

Situasjonen er no under kontroll ved omsorgssenteret.

Ifølgje avisa var alle dei fire døde i alderen 80-90 år og hadde svekka allmenntilstand.

– Vi skal bruke tid på å debriefe personalet. Dei har vore heilt fabelaktige. No må vi la dei takle sorgen over å ha mista pasientar på dette viset, seier Medby.