NRK Meny
Normal

Fibervilje kan gjere Sørlandet til datalagringsgigant

Statnett vil no sjå om det er interesse i marknaden for å finansiere fiberkablar parallelt med straumkabelen frå Tonstad til Tyskland.

Kabel Skagerak

Statnett vil no sjå om det er interesse i marknaden for å finansiere fiberkablar parallelt med straumkabelen frå Tonstad til Tyskland. Dette kan gi Sørlandet store fordelar.

Foto: Lars Horn / Lars Horn / Baghuset

Sørlandspolitikarar har i lang tid arbeida for at Statnett skal leggje datafibre parallelt med den internasjonale straumkabelen som skal leggjast frå Tonstad til Tyskland.

No har bodskapen blitt høyrt, og Statnett seier ja til å inkludere den omdiskuterte fiberkabelen.

Kabel kan gjere Sørlandet til datalagringsgigant

Grunnen til at denne fiberkabelen er så attraktiv er at den kan gjere Noreg, med Sørlandet i spissen, til ein datalagringsgigant.

John Lennart Krohn

Styreleiar i Digin, John Lennart Krohn, har trua på at Sørlandet har ei framtid som datalagringsgigant.

Foto: Digin

Behovet for datalagring er stort og aukar kvar dag. Styreleiar John Lennart Krohn i Digin, som er ei av Noregs større IT-klynger med tilhald på Sørlandet, har tidlegare sagt til NRK at Sørlandet har gode forhold for datalagring.

Skisser fra Bulk Eiendom

Slik ser ei av skissene for eit eventuelt datalagringssenter i Vennesla ut. For at dette skal etablerast var ein avhengig av ein fiberkabel mellom Sørlandet og kontinentet. No har Statnett har sagt ja til denne kabelen, og ein er eitt skritt nærare å utvikle desse planane.

Foto: Skisser fra Bulk Eiendom

– Vi har rikeleg med tilgang på grøn kraft og vi har kort avstand til kontinentet.

Vennesla er ein av stadane på Sørlandet som har meldt si interesse for å bygging av datalagringssenter, og har allereie lagt fram skisser av eit senter.

– Sørlandet har nokre av landets fremste selskap på datatryggleik. I kombinasjon med sterkare infrastruktur og eit nytt datasenter, gjer dette unike moglegheiter for vidare vekst, seier Krohn.

Eksterne aktørar

Statnett vil at andre aktørar skal finansiere og eige kabelen. Selskapet har engasjert eit eksternt firma for å undersøkje om det er interesse på marknaden.

Prosjektleiar i Grønne datasenter til Sørlandet, Trond Schrader Kristiansen, fortel at arbeidet har stor betydning for dei.

– Det er viktig for oss at dette arbeidet fortset. Men det er klart at dette er starten på å sjå på moglegheita av at det finst økonomiske interesser for å få lagt ein datafiber saman med den straumleidningen.

Trond Schrader Kristiansen

Trond Schrader Kristiansen frå Grønne datasenter til Sørlandet seier arbeidet med ein fiberkabel har mykje å seie for dei.

Foto: Frans Kjetså / NRK