Ferdig i Vipers

Vipers-keeper Andrea Austmo Pedersen reiser frå klubben etter denne sesongen. Neste sesong spelar ho i danske Herning-Ikast, skriv Fædrelandsvennen.

– Vi er tre gode keeperar her, og eg føler ikkje at det er nok å dele den speletida mellom oss. Så det er mest for min eiga personlege utvikling, seier Pedersen.

Andrea Austmo Pedersen og Heidi Løke