Fengselsbygging let vente på seg

I mai i fjor blei det klart at det skal byggast to nye fengsel på Sørlandet. Men det har vore stille om planane sidan.

Blakstdaheia fengsel i Froland

Slik skal Blakstadheia fengsel i Froland bli sjåande ut. Men når det står klart er førebels usikkert.

Foto: Axis.as/Kuvaas

– Det blir nok ikkje ferdig i år iallfall. Men viss vi kan byrje å byggje i år så blir eg veldig nøgd, seier mandalsordførar Alf Erik Andersen.

Men det kan bli vanskeleg å få byggjestart for dei nye fengsla i år.

Fredag møter ordføraren justisminister Anders Anundsen for å få fortgang i bygginga.

Har ikkje motteke oppdragsbrev

Ordfører Mandal Alf Erik Andersen

Ordførar i Mandal, Alf Erik Andersen, seier kommunen vil vise at dei er på hogget.

Foto: Svein Sundsdal

Jubelen var stor då det for snart eitt år sidan vart klart at Sørlandet skulle få to nye fengsel med 180 plassar kvar, eitt i Froland og eitt i Mandal.

Men så langt har ikkje Kriminalomsorgsdirektoratet høyrt noko. Det fortel assisterande direktør Jan Erik Sandlie.

– Det som skal til er at vi får eit oppdragsbrev på iverksettelse av arbeidet, og eit slik brev har vi ikkje motteke endå.

Difor har mandalsordførar Andersen no bedt om eit møte med justisministeren.

– Det er slik at vi kan få ei avklaring på dei prosessane. Prosessen som går mellom departement og kriminalomsorga må nok sikkert gå sin gang, men det er viktig for oss i Mandal at vi er klare når avgjersla kjem.

– Vil vise at vi er på hogget

Jan-Erik Sandlie

Assisterande direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet, Jan-Erik Sandlie.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

No ventar kommunen på klarsignal.

– Det vi ventar på no er eigentleg om det er vi i Mandal kommune som skal gjennomføre detaljreguleringa eller om det er kriminalomsorga som skal gjennomføre den. Vi har hatt ei oppstartsmelding og vi har gjort dei konsekvensutredningane som vi skal gjere, så for oss er det viktig å kome i gang og vise at vi er på hogget.

Sandlie i Kriminalomsorgsdirektoratet seier det ikkje foreligg teikningar på fengsla.

– Nei, ikkje noko konkret. Eg veit jo at det har blitt laga nokre lokale planar som vi har vore å sett på, men offisielt er vi ikkje i gang med å teikne og den typen ting endå. Det er ting som setjast i verk når oppdraget kjem.

Siste nytt fra NRK Sørlandet