Hopp til innhold

Vipers gav Molde grisebank

Vipers Kristiansand har fått ein fantastisk start på 2016. Klubben har ikkje tapt ein einaste kamp og jagar medalje i eliteserien i handball.

Vipers Kristiansand

Marta Tomac scorar for Vipers mot Molde.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Vi starta litt trått og så spelar vi enkelt. Då får vi resultatet vi ynskjer og kan berre cruise inn til siger. Så lenge vi set forsvaret som vi gjer i deler av første og andre omgang, så er det gjort eigentleg, seier Vipers-spelar Marta Tomac til NRK.

Onsdag kveld var det nyopprykka Molde som fekk juling i Aquarama.

Gunnar Pettersen, Vipers Kristiansand

Vipers-trenar Gunnar Pettersen på sidelinja mot Molde.

Foto: Leif Dalen/NRK

Til og med stjerneskotet Anniken Obaidli, som har blitt omtala som verdas største handballtalent, vart fleire nummer for små mot poengkåte Vipers-jenter.

20 minutt utan scoring

Etter at Mona Obaidli reduserte til 6-8 midtvegs i første omgang stengde heimelaget eige bur fullstending. Gjestene frå Møre og Romsdal scora ikkje eit einaste mål dei neste 20 minutta.

– Det seier litt om forsvaret vi set. Det er godt med ein kamp der vi slepp å slite og berre kan spele gjennom. Alle får prøvd seg og gjer ein god jobb. Dette er kjempebra, seier Tomac.

Gunnar Pettersen sitt Vipers-lag leia 14-6 til pause.

Molde fekk etterkvart hol på byllen igjen med to kjappe scoringar frå lagets profilar Anniken Obaidli og June Andenæs, men var aldri i nærleiken av poeng i Kristiansand.

Vipers vann oppgjeret 37-19 føre litt over 1000 tilskodarar.

– Det var ein god forsvarskamp i første omgang. Veldig god. Vi klarer å ta Anniken Obaidli heilt perfekt. Ho leika med oss i første seriekamp i år og eg føler jentene tok revansj no. Alt i alt bra å få brukt alle spelarane og fem juniorspelarar på slutten. Det har aldri skjedd i Vipers si historie tidlegare, seier Gunnar Pettersen.

Anniken Obaidli, Molde

Anniken Obaidli og Molde vart fleire nummer for små mot Vipers i Kristiansand.

Foto: Leif Dalen/NRK

Ut i Europa

Vipers står dermed med fem strake sigarar i serie og europacup. Klubben har vunne alle sine fire første kampar i 2016.

Det lovar godt føre returooppgjeret i europacupen mot polske Lublin førstkommande laurdag. Vipers vann den første kampen 28-22 på heimebane.

Vipers-supportarar

Vipers-supportarar jublar for scoring i Aquarama.

Foto: Leif Dalen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %