NRK Meny
Normal

Fem kampar på rad utan siger

Start tapte mot Sandefjord i eliteserien.

Start-trener Knut Tørum
Foto: Teigen, Trond Reidar / Scanpix

Martin Jensen scora kampens einaste mål, og sikra tre poeng til Sandefjord etter 51 minuttar spel.

Nær utlikning

Start-kaptein Geir Ludvig Fevang hadde moglegheit til å sikra eitt poeng få minutt før slutt, men ballen enda i treverket.

– Vi kunne like gjerne fått ei scoring der. Det føler eg vi hadde fortent, seier Fevang til NRK Sørlandet.

Skuffa Start-trenar

Start-trenar Knut Tørum meiner laget kjempa godt til siste slutt.

– Dei siste minutta jaga vi godt. Når vi ikkje får utteljing blir skuffelsen stor, seier Tørum.

– Vi skapar nok sjansar til å score både eitt to mål. Men vi kan ikkje ta gutta på verken innsats eller gjennomføring. Vi manglar litt ferdigheiter til å få til det vi ynskjer utpå her. Om det sit i hovudet eller beina, må vi prøve å finne ut til neste helg, seier Tørum.

Start ligg no på 10. plass på tabellen.