NRK Meny
Normal

Fekk redusert straff etter drap

Ein 36 år gammal mann fekk redusert fengselsstraffa med eitt år i lagmannsretten. Mannen er dømd for drap i Grimstad 17. mai 2011.

Drap i Grimstad

REDUSERT: Ein 36 år gammal mann fekk redusert straffa i lagmannsretten etter drap.

I tingretten vart mannen dømd til 12 års fengsel for å ha skote og drepe ein 33 år gammal mann med hagle.

Agder lagmannsrett reduserte straffa med eitt år fordi mannen melde seg for politiet kort tid etter drapet, skriv Grimstad Adressetidende.

36-åringen har heile tida nekta for å vere skuldig i forsettleg drap. Han forklarte i retten at hagla gjekk av ved eit uhell.

Ifølgje avisa legg retten vekt på at det oppstod ein krangel mellom dei to i forkant av drapet. 36-åringen var også rusa då drapet skjedde.