Hopp til innhold

Kommunar fekk 22. juli-pengar dei ikkje skulle ha

Kommunar som ikkje vart ramma av 22. juli har fått millionbeløp til psykososial oppfølging av offera. No krev den nasjonale støttegruppa at kommunane betalar tilbake.

Trond Henry Blattmann

- BETAL TILBAKE: Leiar for Den Nasjonale Støttegruppa, Trond Blattmann, meiner at kommunar som har fått pengar dei ikkje skal ha, må betale tilbake.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

– Med dei føringane som er så tydelege skulle det ikkje vere mogleg å misforstå. Når ein då deler ut etter folketalsprinsippet og spreier pengane som milde gåver blir det heilt feil, seier leiar i støttegruppa, Trond Blattmann til NRK.no.

Stortinget løyvde totalt 130 millionar kroner som skulle gå til kommunar til oppfølging av offera. Larvik er ein av kommunane, som ikkje var direkte råka av terroren. Likevel har kommunen fått 460 000 kroner.

– Var det så mykje? Eg skal minne rådmannen om at vi må ha ei oversikt over korleis pengane vart brukt, seier ordførar Rune Høiseth til Fædrelandsvennen.

Halv million kroner

Rune Høiseth

OVERRASKA: Larvik-ordførar Rune Høiseth er overraska over at kommunen fekk nesten ein halv million kroner, sjølv om dei ikkje var direkte råka av terroråtaka.

Foto: Jan Gulliksen / NRK

Ifølgje avisa har alle kommunar i Vestfold, Telemark og Møre og Romsdal fått pengar, sjølv om alle ikkje var ramma. Beløpa varierer frå 10 000–20 000 kroner til nesten ein halv million. Totalt skal det vere snakk rundt to millionar kroner.

– Vi har sett at mange ikkje har fått den hjelpa dei skal ha trass i at det ser ut til at kommunane har fått pengar. Det er ikkje bra, seier Blattmann.

– Pengane som til dømes gjekk til Larvik kunne ha gått til andre kommunar som var ramma, dersom det var pengar det stod på. Eg meiner at dei kommunane som har fått pengar, som ikkje har behov for dei, eller som ikkje er i samsvar til kriteria bør levere dei tilbake. Det tykkjer eg er viktig, seier Blattmann.

Vil ha ny vurdering

Til Fædrelandsvennen seier statssekretær i helse- og omsorgsdepartementet, Ragnhild Matisen (Ap), at pengane skulle gå til kommunar der det var behov for psykososial oppfølging.

– Dette er også nok ein gang understreka i brev av 30. mars 2012 til alle landets fylkesmenn, der departementet presiserer at fylkesmennene skal fordele midlane på bakgrunn av sin kjennskap til behova i den enkelte kommune, seier ho til avisa.

No har helse- og omsorgsdepartementet bede Fylkesmannen om å gjere ei ny vurdering av fordelinga.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %