Hopp til innhold

Fekk over halvparten av stemmene – likevel usikkert om han blir ordførar

Arbeidarpartiet i Valle gjorde eit brakval og fekk over 51 prosent av stemmene. Likevel kan det bli ordførar frå eit anna parti.

Sjå intervju med Arbeiderpartiets ordførarkandidat Steinar Kyrvestad i Valle.

Steinar Kyrvestad tek det som sjølvsagt at han vert ordførar i kommunen etter at Ap fekk over 51 prosent av stemmene i kommunen.

Valglogo

Årsaka er at mange av veljarane som stemte på Arbeidarpartiet også førte opp kandidatar frå andre parti.

Dette gjorde at Sissel Åkre frå Venstre kom inn i kommunestyret.

For å få reint fleirtal i kommunestyret måtte Arbeidarpartiet ha hatt åtte representantar i kommunestyret, men på grunn av slengarar til andre parti fekk dei altså «berre» sju.

Det er til saman 15 representantar i kommunestyret.

Trur han vert ordførar

Aps ordførarkandidat Steinar Kyrvestad er likevel klar på at han bør overta sjefstolen.

– I teorien kan det bli ordførar frå eit anna parti. Samstundes er veljarane sin dom veldig klar. Dei ynskjer eit skifte. Det har vore ein veldig aktivitet i dag. Eg tek det som sjølvsagt at det går vår veg, seier Kyrvestad til NRK.

Tarald Myrum

Tarald Myrum (Sp) har vore ordførar i Valle den siste perioden.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Arbeidarpartiet fekk altså 51,8 prosent av stemmene. Valnatta sa Kyrvestad at han knapt trudde sine eigne auge då han fekk sjå valresultatet.

Kyrvestad har tidlegare vore ordførar i to periodar, men vart «kasta» ved valet i 2007.

– Ingen revansj

– Dette er ingen revansj. No ser vi framover og ikkje bakover. Vi tenkjer ikkje på det som skjedde i 2007. Vi ser framover og reknar med at ordføraren blir frå Ap dei neste fire åra, seier han.

Ordførarkandidaten trur det er fleire årsaker til det gode valresultatet. Han trur debatten om eit sentrumsbygg med kulturhus kan ha vore utslagsgjevande. Kyrvestad meiner at kommunen ikkje har råd til eit slikt bygg.

– Eg trur det er det gode arbeidet vi har gjort i kommunestyret som er årsaka. Resultatet er ei felles forteneste for alle aktive i Ap og alle medlemmene i partiet, seier han.

– Eg oppfattar det ikkje som eit protestval. Veljarane seier at dei ynskjer ei anna retning enn det som har vore dei siste fire åra, seier han.

– Har ikkje sett maken til comeback

Redaktør i lokalavisa Setesdølen, Sigurd Haugsgjerd, trur at Kyrvestad vert ordførar i kommunen til slutt.

– Det var sensasjonelt det som skjedde. Han mista klubba for åtte år sidan då halvparten av valldølane vart Høgre-folk for å bli kvitt han. Maken til comeback har ingen sett her i dalen tidlegare, seier Haugsgjerd.

– Ein kan seie at det var eit protestval i den forstand at dei protesterte mot kommunen sine gigantplanar om eit sentrumsbygg mange meiner at ein ikkje har råd til. Men det var og ein personleg siger for Kyrvestad, meiner redaktøren.

Det er Senterpartiet som har hatt ordføraren den siste perioden. Det er Tarald Myrum som har vore ordførar.

Sjå intervju med Setesdølen-redaktør Sigurd Haugsgjerd om valet i Valle.

Sjå intervju med Setesdølen-redaktør Sigurd Haugsgjerd.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %