Hopp til innhold

Fekk knallblå hummar i teina

Kjell Bjørn Karlsen frå Risør måtte sjå etter to gonger då han trekte opp sine to første teiner under årets hummarfiske. Den eine hummaren var nemleg knallblå.

Kjell Bjørn Karlsen

Kjell Bjørn Karlsen fekk ein blå hummar i ei av teinene sine.

Foto: Tore Myrberg/Aust Agder Blad

– Eg har aldri fått blå hummar sjølv, men har sett dei. Då har dei som regel hatt blå flekkar. Dette er jo asurblå over det heile, seier Karlsen til Aust-Agder Blad.

På grunn av den uvanlege fargen vil ikkje hummaren ende på matfatet. Fiskaren vil i staden gi den vekk til Risør Akvarium, dersom dei vil ha den.

Ifølgje Tore Barstad ved Risør Akvarium kan det vere fleire årsaker til at hummaren er blå.

– Det er truleg ein kombinasjon av genetikk og kosthald. Det er nok ikkje så sjeldan som ein skulle tru at ein hummar er blå, seier han til avisa.

Likevel vil Risør Akvarium seie ja til å ta imot hummaren. Dei tok opp tre blå under prøvefisket i eit hummarreservat, men desse har dei ikkje lov til å ta inn til akvariet.

Hummarfiskar Kjell Bjørn Karlsen held fram fiske etter hummar og har tru på ein god hummarsesong. Onsdag drog han opp tre stykk.

– No skal eg ut å trekkje teinene eg har ute på sjøen. Det er alltid dei første dagane som er best, og det kjem ikkje til å halde fram slik, men dette ser lovande ut, seier han til Aust-Agder Blad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %