Hopp til innhold

Fekk fylkeskulturprisen

Kunsthandtverkar og kunstformidler Harald Solberg kunne stolt ta imot fylkeskulturprisen frå Aust-Agder Fylkeskommune.

Harald Solberg

Harald Solberg

Foto: Svein Sundsdal/NRK

- Eg vart veldig glad. Det å jobbe i kunstverda er ganske einsamt til tider. Eg har jobba i Bomuldsfabriken i 11 år og vart veldig overraska. Eg ser på meg sjølv som ein offentleg tilsett, og eg visste ikkje at ein gav prisar til offentleg tilsette, seier han til NRK Sørlandet.

Nettverk

- Gjennom si innsikt og innsats har kandidaten sett biletkunst og formidling av biletkunst på Sørlandets dagsorden på ein heilt spesiell måte. Gjennom sitt virke har han fått eit betydeleg nettverk i kunstverda og slik sett bidrege til at landsdelen får ta del i betydelege kunstutstillingar, skriv Aust-Agder Fylkeskommune i ei pressemelding.

Han får også skryt for dei ulike oppdraga han har hatt som kunstnar.

- Kandidaten har bidrege til etablering og utvikling av Bomuldsfabriken Kunsthall som er eit av dei sentrale visningsstadene for samtidskunst i Noreg. Kandidaten har dessutan utvikla og gjennomført sentrale kunstprosjekt ved Nasjonalmuseet for kunst i Oslo. Han har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag som kunstnar, vore kunstnarisk rådgjevar i mange samanhengar og drive pedagogisk verksemd ved fleire utdanningsinstitusjonar, heiter det i pressemeldinga.

- Avgjerande for Bomuldsfabriken

- Innsatsen han har vore avgjerande for at Bomuldsfabriken Kunsthall har oppnådd den posisjon galleriet har i norsk kunstliv. Han evnar gjennom sin kompetanse og sine nettverk å skape utstillingar i Aust-Agder av nasjonal interesse. Kandidaten står på barrikaden for kunsten og evnar å formidle kunsten utelukkande på kunsten sine premiss. Kandidaten er av våre fremste kunstformidlarar, skrive fylkeskommunen i pressemeldinga.

Solberg er stolt over å kunne motta prisen som er ein skulptur av Arne Vinje Gunnerud.

- Det synleggjer den innsatsen vi har gjort på Bomullsfabrikken. Vi har gjort ein jobb utover normal arbeidstid lenge, seier ein stolt Harald Solberg.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %