NRK Meny
Normal

Fekk ein månad saman på sjukeheimen

Gunvor Hovd Nilsen (95) er død. Ho og ektemannen Charles vart kjende for mange etter at Arendal kommune nekta dei å bu saman på sjukeheim.

Charles og Gunvor Hovd Nilsen

Gunvor og Charles Hovd Nilsen fekk fire veker saman på Nyskogen bo- og omsorgssenter før ho døydde onsdag.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

– Pappa sat ved senga hennar heile tida, og kom med vakre kjærleikserklæringar til henne. Det var ho han levde for, og han er veldig takknemleg for vekene dei fekk saman, seier dottera Signe Hovd Nilsen til NRK.

Signe Hovd Nilsen og Gunn Nilsen Nome

Søstrene Signe Hovd Nilsen og Gunn Nilsen Nome kjempa for at foreldra skulle få bu saman på sjukeheim.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Dottera seier at foreldra fann roa i løpet av tida dei fekk saman på omsorgssenteret.

– Det var tydeleg at dei fall til ro begge to, når ho såg at pappa var der. I tillegg kunne pappa slappe av og bruke kreftene på å vere der, og ikkje kjempe for å vere der, seier dottera.

Det var Agderposten som først omtalte saka.

I februar sa Arendal kommune nei til at ekteparet skulle få bu saman på Nyskogen bo- og omsorgssenter.

Kommunen meinte ektemannen var for frisk til å bu på sjukeheimen, og at det ikkje ville vere bra for han.

– Veldig leit

Dei argumenterte også med at mange står i kø for å få ein plass på sjukeheim, og at det er den enkelte sitt behov som vart lagt til grunn.

Bryllupsbilde Gunvor og Charles Hovd Nilsen

Dei to var gift i over 68 år.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Men familien til ekteparet gav seg ikkje, og kjempa ein intens kamp for at dei skulle få den siste tida saman.

– Eg tykkjer det er veldig leit at eg ikkje får lov til å vere saman med kona mi, som eg har vore gift med i så mange år, og som eg er så glad i, sa Charles Hovd Nilsen.

Saka skapte kraftige reaksjonar i sosiale medium. I eit direktesendt intervju på Dagsrevyen sa helseminister Bent Høie blant anna at han reagerte på at ekteparet ikkje fekk bu saman.

– Kjærleiken mellom dei har rørt også oss i familien, seier dottera Signe Hovd Nilsen

Kommunen snudde brått

Reaksjonane førte til at arendalsordførar Robert C. Nordli tok initiativ til å behandle saka i formannskapet.

Dei konkluderte med at paret, som var gift i over 68 år, skulle få bu saman på sjukeheimen. Dei vedtok også sambuargaranti i det same møtet.

Charles Hovd Nilsen trudde nesten ikkje det han høyrde, då han fekk vite at han likevel fekk lov til å bu saman med kona si.

– Eg har aldri i mitt liv vore så glad, som då eg fekk greie på dette. Eg skal få bu med hustrua mi igjen, og sleppe å gå ifrå ho kvar kveld klokka sju og reise heim til mitt eige hus for å sove. No slepp eg det. Det var skjønt, seier han.

Charles og Gunvor Hovd Nilsen fekk fire veker saman på rommet sitt på Nyskogen bo- og omsorgssenter, før ho døydde onsdag.

Charles Hovd Nilsen (94) klarer nesten ikkje å tru på at han får lov til å bu på sjukeheim saman med kona.

Charles Hovd Nilsen feira med kake då det vart klart at han fekk lov til å bu saman med kona si på sjukeheim.