NRK Meny
Normal

Fekk bygningsvernpris

Arendal og Omegns Sparekasse er tildelt Aust-Agder fylkeskommune sin bygningsvernpris for 2015.

Arendal og Omegns Sparekasse

Arendal og Omegns Sparekasse har fått pris.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Per Olav Nærestad og Bjørgulv Sverdrup Lund

Banksjef i Arendal og Omegns Sparekasse Per Olav Nærestad og fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Bygget vart sett opp i 1868 og har vore gjennom omfattande rehabilitering.

Med prisen følgde det 40 000 kroner.

– Utvendig er det valt løysingar som både arkitektonisk og antikvarisk held eit høgt fagleg nivå, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Innvendig ber ombygginga preg av bevisste val. Det er lagt vekt på å få fram historiske og originale overflater og detaljar, står det vidare.

Fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund delte ut prisen i fylkestinget tysdag føremiddag.

– I fylkeskommunen si vurdering av prosjektet er det i særleg grad lagt vekt på at arbeidet er utført med tanke på å ivareta bygget sin historiske verdi, heiter det i pressemeldinga.

Arendal og omegn Sparekasse

Bygget ligg i sentrum av Arendal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK