Hopp til innhold

Denne låg i klesskapet til Arne og Anne Mette

Mange hadde kanskje reagert med skrik og skrål dersom dei hadde funne ein orm i klesskapet sitt. Det gjorde ikkje Anne Mette Amdahl og Arne Flor.

Buorm i Arendal

Denne buormen forvilla seg inn i garderobeskapet til Arne Flor og Anne Mette Amdahl.

Foto: Anne Mette Amdahl

Arne Flor

Arne Flor tok saka i eigne hender.

Foto: Anne Mette Amdahl

Arne var i full gang med å slå plenen då han høyrde kona rope etter han frå inngangspartiet på huset deira utanfor Arendal.

Det var familiehunden som «avslørte» buormen då han vart oppspelt då han såg noko bevege seg inne i garderobeskapet ute i gangen. Anne Mette opna opp og såg rett i auga på ein stor buorm.

– Eg trur ho hadde rimeleg høg puls, men ho visste kva det var for noko. Men det er klart du skvett litt og ho hadde ikkje lyst til å ta på den, seier Arne Flor til NRK.

Fresa mot han

Kona let att garderobedøra og let mannen ta hand om ormen. Han tok på seg hanskar og var ikkje redd for å ta i den trass i at den fresa mot han.

– Eg var ikkje redd for at den skulle bite, men den har ein forsvarsmekanisme der den sprøyter ut ei illeluktande væske i analkjertelen. Det luktar så frykteleg fælt. Det har eg fått på meg før, og det luktar i ei veke. Du orkar nesten ikkje å ete i den lukta, seier han.

– Men den er totalt ufarleg, legg han til.

Medan Arne løfta opp ormen henta kona eit kamera slik at dei fekk filma buormen som hadde teke seg inn i huset.

– Den var så fantastisk flott og stor. Storleiken tyder på at det var ei ho. Den kan bli langt over ein meter, seier han.

Totalfreda i Norge

Etter å ha studert den nøye la han buormen ned utanfor huset.

– Då vart den liggjande og spelte død med munnen halvopen. Vi kjende også den fæle lukta. Ein søppelplass er parfyme samanlikna med dette, seier han.

I nabolaget har han tidlegare i vår observert ein endå større buorm.

– Den har eg ikkje fått fanga eller målt lengda på endå, seier han.

Flor understrekar at alle ormar er totalfreda i Norge. Difor ber han folk vere forsiktige dersom ein orm skulle forville seg inn i huset.

– Er det ein hoggorm kan den bite, så den må ein vere forsiktig med. Både stålorm og buorm kan ein ta opp med hendene og legge på utsida, men ein bør bruke hanskar slik at ein slepp lukta, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %