NRK Meny
Normal

Plasserte grisehovud føre moské - fekk 20 000,- i bot

Ein 40 år gammal mann må betale eit førelegg på 20 000 kroner etter å ha plassert eit raudmåla grisehovud føre moskeen i Kristiansand.

Grisehode

FØRELEGG: 40-åring må betale dyrt for å ha plassert eit blodig grisehovud utanfor moskeen i Kristiansand.

Foto: Privat

– Vi er letta over at dette har fått ein straffereaksjon, seier talsmann for Union Agder, Akmal Ali til Fædrelandsvennen.

Skulda på russen

Det var 15. mai i år at grisehovudet vart funne utanfor moskeen i byen. 40-åringen som til slutt vart sikta i saka er ein kjenning av politiet. I avhøyr hevda mannen at det var russ som stod bak.

Saman med grisehovudet låg det ein lapp med følgjande tekst:

«Hei muslim. Gi tilbake grisen dere tok i fra oss (barneavd) på sykehuset. Slutt å hån norsk mat og kultur. This is Norway. Love it or leave it! Russ 2012 Fuck jihad.»

Ifølgje Fædrelandsvennen refererte teksten til ein episode ved Sørlandet sykehus, der dei valde å fjerne ei griseteikning.

Reagerte med sjokk

Muslimsk Union Agder var glade då politiet arresterte 40-åringen i juli i år.

– Vi blir veldig letta dersom det ikkje er miljø eller grupper som står bak, og det er svært bra at russen ikkje gjer dette. Det er viktig at folk veit kvar grensa går, sa Akmal Ali til NRK.no.

Han fortalde at mange vart sinte då grisehovudet vart funne.

– Nokre reagerte med sjokk og følte seg angripne. Mange var veldig såra, sa Ali.