Hopp til innhold

No er Fatima tilbake på omsorgsbustaden

Psykisk utviklingshemma Fatima Maljicai er tilbake på Landviktun bo- og omsorgssenter etter at systera tok ho ut av institusjonen og heim til seg sjølv. Kommunen trugar med å nekte familien å besøke henne meir enn to timar kvar dag.

I går ble funksjonshemmede Fatima hentet hjem av søsteren - i protest. I dag var den funksjonshemmede dama tilbake på Landviktun.

VIDEO: Sjå reportasje der Fatima kjem tilbake til Landviktun.

Saka Maljicai

Saka Maljicai er glad for at systera no er tilbake på institusjonen.

Foto: Jan Jørg Tomstad

Fatima

Systera henta Fatima ut av Landviktun bo- og omsorgssenter.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen
– Årsaka er at eg fekk beskjed om at kommunen ikkje vil setje i verk vedtaket. Eg tykkjer det beste for Fatima er at ho kjem tilbake til sine faste omgjevnader og tilbake til den normale døgnrytma ho er vand med, seier Saka Maljicai til NRK.

Bakgrunnen for at ho valde å ta systera ut av institusjonen var eit vedtak i Grimstad kommune. Vedtaket slo fast at pårørande berre fekk besøkje Fatima to timar dagleg. Vedtaket kom på 34-årsdagen til Fatima.

Familien kan klage

No har kommunen gitt beskjed om at dei likevel ikkje kjem til å setje i verk vedtaket.

– Så lenge det er mogleg å klage set vi ikkje i verk tiltak. Dersom pårørande klagar avventar vi fylkesmannen si uttale til vi eventuelt set i verk vedtaket, seier assisterande kommunalsjef for helse- og omsorg i Grimstad, Bente Somdal til NRK.

– Vi skal halde oss til den plikta vi har til å gi eit forsvarleg tenestetilbod. Det er det vi gjer, seier Somdal.

Saka Maljicai avviser tvert at det var slitsamt å ha systera heime. Samstundes meiner ho at ho har like stort ansvar for systera uansett kvar ho bur.

– Ho er mitt ansvar uansett om ho er heime hos meg eller om ho er på Landviktun i si eiga leilegheit, seier ho.

– Tek med meg Fatima heim

Maljicai er ikkje i tvil om kva ho vil gjere dersom vedtaket frå kommunen blir sett i verk.

– Det tidspunktet dei bortviser meg frå Landviktun og set i verk vedtaket, då tek eg Fatima med heim, seier ho.

Grimstad kommune har tidlegare fått kritikk frå pasient- og brukarombodet samt fleire brukarorganisasjonar. Det er påvist fleire ulovlegheiter, som fylkesmannen no seier at det er ordna opp i.

Advokaten til familien sa til NRK onsdag at vedtaket om at familien ikkje får besøke Fatima meir enn to timar om dagen er ulovleg.

– Det er heilt klart i strid med pasient- og brukarrettigheitslova. Eg tykkjer det er merkeleg at ein kommune lagar eit besøksforbod for dei næraste pårørande som har vore den viktigaste personen for Fatima, sa advokat Bodil Kristoffersen.

Familien til psykisk utviklingshemmede Fatima føler seg tvungent til å pleie henne hjemme etter at kommunen nekter familien å besøke 34-åringen mer enn to timer daglig. Familien advokat reagerer sterkt på vedtaket.

SE VIDEO: Grimstad kommune har varslet familien til funksjonshemmede Fatima Maljicai at de berre får lov til å besøke 34-åringen to timer om dagen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %