Hopp til innhold

Får lov til å forkynne med høgtalarar

Religiøse arrangement i Arendal får likevel lov til å bruke høgtalarar på sine arrangement etter heilomvendig i bystyret.

Bystyret i Arendal under avstemning

Arendal bystyre under avstemninga.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Bystyret vedtok torsdag ettermiddag at alle arrangørar skal behandlast likt, og at høgtalarar skal vere lov innanfor gjeldande støyreglar.

Per-Jakob Haakstad (H)

Per-Jakob Haakstad (H).

Foto: Svein Sundsdal/NRK
Vidar Hansen

Vidar Hansen i menigheten Filadelfia.

Foto: Privat

Vedtaket vart gjort med 20 mot 19 stemmer.

– Vedtaket inneber ein prinsipiell siger for at det ikkje skal vere forbod mot ytringar som vert regulert av kommunestyret påg detaljnivå framover, seier Per-Jakob Haakstad (H) som fekk fleirtall for dette.

Skapte debatt

Det vart heftig debatt då Filadelfia i Arendal fekk nei på søknaden om å halde ein julekonsert utanfor Arendal kultur- og rådhus.

Pål Koren Pedersen som er leiar av bystyrets komite for kultur, miljø og næring sa til NRK at religiøse arrangement i Arendal ikkje skal få lov til å bruke «lydforsterking».

Avslaget skapte voldsomt engasjement både i mediene og på sosiale medier. No jublar Vidar Hansen i leiinga i Filadelfia over at bystyret har gjort heilomvending.

– Dette er fantastisk og veldig gledeleg. Vi skal gle oss over dette, seier han til NRK.

– Vi har opplevd ei massiv støtte både i sosiale medier og i mediene. Vi har fått støtte frå så mange menneske. Det har vore overveldande. Vi vil takke alle som har støtta saka vår, seier Hansen.

La fram motforslag

Pål Koren Pedersen og Venstre la fram eit motforslag saman med Arbeiderpartiet og SV som gjekk ut på at dei «kun ville tillate bruk av av begrensa lydforsterking på eksisterande scene på Sam Eydes plass».

– Dette er noko mange andre kommunar gjer. Vi prøvde å gå hundre meter, men dei andre partia ville ikkje gå ein meter, seier Koren-Pedersen.

Trass i at bystyret har snudd blir det ikkje konsert i sentrum i år.

– Det blir nok ikkje tid til det. Vi kjem til å halde konserten i eigne lokale. Dette er uansett eit særs gledeleg vedtak, seier hovudpastor i Filadelfia Asle Wikanes Hansen.

Pål Koren Pedersen

Pål Koren Pedersen på talarstolen i bystyret.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %