Det er konklusjonen til fylkesmannen etter eit tilsyn med kommunen.
Kommunen tek konklusjonen frå fylkesmannen på alvor, og har allereie sett i verk tiltak for å hindre liknande episodar.
– Burde ha handtert dette anleis
– Grimstad kommune har overfor fylkesmannen og pårørande vore opne på at vi skulle og burde ha handtert hendinga i jula 2012 anleis. På områda som fylkesmannen ber oss følgje opp ytterlegare, er det allereie sett i verk tiltak, skriv Grimstad kommune i ei pressemelding.
– Vi er nøgde med den grundige og raske saksbehandlinga som fylkesmannen har hatt i denne saka. Det har vore krevjande både for brukar, pårørande og tilsette å ha saka uavklara, skriv kommunen.
I januar fortalde NRK om 32 år gamle Fatima som er psykisk utviklingshemma. Kvinna vart utsett for helsefare på grunn av manglande tilsyn.
Måtte sjølv ta ansvar
Grimstad kommune hadde sett av ei halv stilling til å ta seg av Fatima. Dermed var ho overlete til seg sjølv store deler av døgnet.
I jula i fjor måtte systera hennar sjølv frakte den alvorleg sjuke og funksjonshemma systera til sjukehus, og samstundes ta ansvar for medisineringa hennar.
Fatima fekk ein kraftig lungebetennelse og alvorleg urinvegsinfeksjon. Dette førte til at ho låg med 41 grader i feber.
– Fylkesmannen i Aust-Agder finn etter ei samla vurdering at det føreligg brot på kravet til fagleg forsvarlege tenester ved at kommunen ikkje sørgde for ekstra bemanning i jula då brukar var sjuk, skriv fylkesmannen i sin rapport.
– Hendinga i jula viser at brukar ikkje har fått tenester i tråd med vedtaket og såleis ikkje har fått oppfylt sin rett til naudsynt helse- og omsorgstenester, skriv fylkesmannen.
Fekk kritikk frå forening
Tidlegare har også Norsk pasientforening komme med sterk kritikk av Grimstad kommune, for måten Fatima har blitt behandla på ved institusjonen.
Dei peika mellom anna på at den pleietrengande 32-åringen fekk feil medisinar og at sterke smerter vart oversett.
– Det dreiar seg om mangelfull diagnostisering, om symptom som er oversett og smerter og og om sviktande medisinsk behandling. Det er dei hovudpunkta der vi mener det har vore svikt, sa rådgjevar Tove Hanche-Olsen til NRK i januar.
VIDEO: Saka Maljicaj stiller opp døgnet rundt for veslesystera si, som er bebuar på Landviktun bu- og omsorgssenter. I jula frykta ho for systera sitt liv.