Får krisehjelp etter ran
Dei tilsette i Lillesands Sparebank får no hjelp og støtte av kommunen sitt kriseteam. Ifølgje fungerande banksjef Morten Arentz-Grastvedt var det 12-14 tilsette på jobb då ranet skjedde. Det er ikkje kjent kor mykje pengar ranaren fekk med seg.