Hopp til innhold

Offshoreselskap får kjøpe tomt i Barbu - kan behalde 250 arbeidsplassar

Offshoreselskapet MacGregor har akseptert ei opsjonsavtale med Arendal Eiendom KF. I avtala ligg det at selskapet får kjøpe ei tomt i Barbu for framtidige kontorlokale.

Skisse Barbu

MacGregor får lov til å byggje kontorlokale i Barbu i Arendal. (Illustrasjon)

Foto: Skisse: Rambøll

Det opplyser Arendal Eiendom KF i ei pressemelding.

Ordførar Einar Halvorsen (H) er godt nøgd.

– Dette er ein hyggjeleg dag der vi kan imøtekomme dei og tilby tomta vi har her i Barbu. Vi har hatt utruleg hyggjelege samtaler med MacGregor, seier Halvorsen.

– Saman har vi funne fram til ei økonomisk god løysing. Både når det gjeld kjøp av tomt og infrastruktur. Vi ynskjer å leggje til rette for bedrifta, seier han.

15 millionar kroner

Opsjonsavtala gjeld for eitt år. I løpet av denne tida skal MacGregor avklare korleis bygget skal sjå ut i forhold til reguleringsavgjerdene som er vedteke i Arendal bystyre.

Øystein Sangvik

Dagleg leiar i Arendal Eiendom KF Øystein Sangvik er godt nøgd med avtala.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Når to partar møtest og det er vilje til å finne fram til gode løysingar, så finn ein alltid fram til det, seier ordføraren.

Ifølgje pressemeldinga er betingelsane for opsjonsavtala 15 millionar kroner.

MacGregor held i dag til på Tromøy i Arendal. Politikarane i Arendal frykta i yttarste konsekvens at selskapet kom til å flytte til Grimstad, dersom ein ikkje fekk i stand ei avtale om bygging i Barbu.

I førre veke fortalde NRK at offshoreselskapet, som nyleg har kjøpt Aker Pusnes, treng nye lokale i Arendal. Selskapet peika ut Barbubukt som ei moglegheit for utbygging.

Nøgd dagleg leiar

– Vi er veldig tilfreds med at vi har oppnådd ei opsjonsavtale med ei viktig og sentral bedrift, som kan etablere seg med ei tomt i Barbu, seier dagleg leiar i Arendal Eiendom KF Øystein Sangvik.

– Kva betydning har dette for Arendal?

– Det er eit element i å behalde ei viktig bedrift i Arendal. Vi oppfattar at 15 millionar kroner er ein pris som kan forsvarast ut ifrå taksten som er gjort. Taksten vil vere grunnlag for å kunne gjere direkte sal til ei bedrift, seier Sangvik.

Då det vart kjent at selskapet ville etablere seg i området, vekte det sterke reaksjonar. Styreleiar i Barbu vel Bård Torstensen meiner at kommunen bør la området liggje trass i at det er regulert til næringsverksemd.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %