Hopp til innhold

Får ikkje vite kvifor 14-åring vart drepen

Politiet vil truleg aldri offentleggjere kvifor ei 14 år gammal jente i Søgne vart drepen i august.

Politiet undersøker åsted i Søgne

Krimteknikarar undersøkte området der 14-åringen vart funne død.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Per no er vi einige om at dette ikkje er noko offentlegheita har behov for å vite, seier seksjonsleiar for etterforsking Arne Sundvoll til NRK.

Politiet er snart ferdig med å etterforske saka, men vil ikkje offentleggjere verken motiv for drapet eller dødsårsak.

Arne Sundvoll (t.h)

Arne Sundvoll.

Årsaka er at det er ein jamaldrande mindreårig gut (14) som er mistenkt for drapet.

Saka vil dermed ikkje bli behandla i rettssystemet.

Etterforsking mot slutten

– Vi gav veldig mykje informasjon i starten. Meir enn vi pleier i starten på ei drapssak. Det betyr at vi har gitt det meste. Dette er ei sak med mindreårige og denne saka vil gå til barnevernet, seier han.

Tidlegare denne månaden sa lensmann i Søgne og Songdalen, Terje Pedersen, til TV2 at Alma Gabriela Knutsen døydde av drukning. NRK har aldri fått stadfesta dette av politiet.

– Den taktiske etterforskinga nærmar seg slutten. Vi har ikkje så mange fleire avhøyr vi skal gjennomføre. Vi ventar på svar på tekniske undersøkingar frå Kripos og Folkehelseinstituttet. Om det vil gje grunnlag for å gjere nye avhøyr veit vi ikkje, seier Sundvoll.

– Har politiet danna seg eit bilete av kva som har skjedd?

– Vi har eit klart bilete av kva som har skjedd. Det har vi hatt sidan vi sette i gong drapsetterforsking etter forklaring frå mistenkte, seier han.

Barnevernet tek hand om guten

Den mistenkte 14-åringen er no teke hand om av barnevernet og er flytta frå Søgne.

Alma Gabriela Knutsen vart funne død i Søgneelva 30. august etter å ha vore sakna i to døgn.

Då ho vart funne var det ikkje mistanke om at noko kriminelt hadde skjedd.

To veker seinare kalla politiet inn til pressekonferanse der dei fortalde at ein 14 år gammal gut hadde tilstått å ha drepe jenta.

Idag tilsto en 14-årig gutt at han drepte ei jevngammel jente i Søgne. Jenta ble funnet død for nesten to uker siden i Søgneelva. Den gang sa politiet at det ikke var mistanke om noe kriminelt.

Sjå pressekonferansen der politiet fortalde at Alma Gabriela Knutsen hadde blitt drepen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %