Fantastisk sluttspurt gav uavgjort

Start låg under 0-2, men slo tilbake med to scoringar på to minutt rett før slutt.

Bernt Hulsker med avslutning mot Stabæk

Bernt Hulsker vinn i lufta.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Kilde: NRK Sørlandet

Start tok kommandoen på Sør Arena frå første spark. Før eitt minutt var gått prøvde Geir Ludvig Fevang seg frå 18 meter, men skotet gjekk såvidt over tverrliggjaren.

To minutt seinare fekk Cristian Bolaños ein kjempesjanse frå fem meter, men costarikanaren fekk ikkje skikkeleg treff, og Stabæk fekk kontroll.

Nesten sjølvmål

Kort tid etter var Start frampå igjen. Denne gang var det kaptein Geir Ludvig Fevang som skaut like utanfor frå 7-8 meter. Fevang burde nok sendt heimelaget i leiinga.

Etter dette roa tempoet seg, og Stabæk kom meir med i kampen - utan av Nannskog og Berglund på topp klarte å skape noko særleg. Etter 20 minuttar spel gjekk det nesten gale for Start i eigen 16 meter. Petter Buer Hanssen sitt forsøk på å heade tilbake til keeper Kenneth Høie gjekk over sisteskansen, men Høie fekk til slutt boksa ballen over tverrliggjaren.

Knallhard heading

Etter 30 minuttar spel slo høgrebacken Hunter Freeman eit nydeleg innlegg til Geir Ludvig Fevang, som stod omtrent på straffemerket. Knallhard heading, men ballen gjekk over målet til Jon Knudsen i Stabæk-buret.

Tre minutt seinare var Bolaños frampå på nytt. Jon Knudsen måtte ut i full strekk på skotet frå 20 meter. Det var også den siste sjansen i første omgang. Laga gjekk dermed til pause med uavgjort 0-0.

Første Stabæk-sjanse

Etter 38 minuttar kom Stabæk til sin første målsjanse i kampen. Fredrik Berglund slo Espen Hoff gjennom på høgrekanten. Hoff slo ein godt innlegg som landa på pannebrasken til Daniel Nannskog, men keeper Kenneth Høie fekk ei hand på ballen, og slo ut til corner.

Stabæk fekk ein kanonstart på andre omgang. For etter kun eitt minutt spel fekk innbyttar Thomas Rogne ei tå på ballen etter ein corner. Ballen gjekk rett i mål, og 1-0 til bortelaget.

Stabæk scorar mot Start

Innbyttar Thomas Rogne sørgar for 1-0 til Stabæk.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Fem minutt seinare burde Daniel Nannskog dobla leiinga for gjestene frå Bærum. Svensken fekk stå heile aleine på fem meter, men ei kjemperedning frå Kenneth Høie hindra 2-0 til Stabæk. Etter 58. minutt sette Knut Tørum inn Mads Stokkelien.

I det 63. minutt fekk Start corner frå venstre. Corneren frå Bolaños landa på panna til midtstoppar Jesper Mathisen som heada like utanfor. Mathisen fekk gå opp heilt aleine, og burde ha utlikna for Start.

Nytt Stabæk-mål

Kvarteret før slutt kom Daniel Nannskog nydeleg rundt på venstrekanten. Svensken slo inn til ein heil umarkert Pàlmi Rafn Pàlmason som enkelt sende bærumsklubben opp i 2-0. Dermed var begge scoringane til Stabæk signert innbyttarar.

Fem minutt før slutt sette Start inn det dei hadde att av krefter. Først var det midtstoppar Bård Borgersen som skaut knallhardt i lengste kryss og det stod 1-2 To minutt seinare drog Cristian Bolaños seg fri på høgrekanten og smelte inn utlikninga til 2-2.

Dermed vart det poengdeling på Sør Arena.

Eliteserien 19. runde
Start - Stabæk 2-2 (0-1)
Sør Arena, 8620 tilskodarar

0-1 Thomas Rogne (46)
0-2 Pàlmi Rafn Pàlmason (75)
1-2 Bård Borgersen (86)
2-2 Cristian Bolaños (88)

Dommar: Kjetil Sælen, Arna-Bjørnar
Gult kort: Pontus Segerström (Stabæk)

Start (4-4-1-1): Kenneth Høie - Hunter Freeman, Jesper Mathisen, Bård Borgersen, Branislav Milicevic - Cristian Bolaños, Petter Bruer Hanssen, Solomon James Owello (Mads Stokkelien inn 58.), Espen Børufsen (Christer Kleiven inn 68.) - Geir Ludvig Fevang - Bernt Hulsker

Stabæk (4-4-2): Jon Knudsen - Morten Morisbakk Skjønsberg, Pontus Segerström, Inge Andrè Olsen (Thomas Rogne inn 39.), Vegar Hedenstad - Daigo Kobayashi, Henning Hauger, Pontus Farnerud, Espen Hoff (Mikkel Diskerud inn 77.) - Daniel Nannskog, Fredrik Berglund (Pàlmi Rafn Pàlmason inn 66.)