NRK Meny
Normal

Fann tusenvis av kroner på Pokémonjakt

Mikael Ferling (12) var ute for fange Pokémon i Lillesand sentrum då han fann fleire tusen kroner i ein pose.

Mikael Ferling

SJÅ VIDEO: Mikael Ferling fann fleire tusen kroner i ein pose.

– Det var litt rart. Det er liksom ikkje noko som skjer ofte, seier 12-åringen til NRK.

Den ivrige Pokémon-spelaren hadde gått tom for straum og var på jakt etter ein plass å lade opp telefonen.

– Då eg gjekk bortover fann eg nokre pengar på bakken, seier han til NRK.

– Hadde du litt lyst til å behalde dei sjølv?

– Litt. Men sidan det var så mykje pengar tenkte eg heile tida at eg skulle levere dei inn, seier han.

Kan truleg vente seg finnarløn

Ferling forklarar at han tok kontakt med nokon han kjende og spurde kva han skulle gjere med pengane. Dei vart einige om at det rette var å gå til politiet.

Per Kristian Klausen

Operasjonsleiar i Agder-politiet Per Kristian Klausen.

Foto: Lars Eie / NRK

Kort tid etter køyrde ein politibil rett forbi.

– Eg vinka den inn og forklarte kva som skjedde. Så spurte dei om eg kunne komme inn i bilen for å vise kvar eg hadde funne pengane, seier han.

No får 12-åringen frå Lillesand skryt frå politiet for at han gav beskjed om funnet.

– Det er veldig flott å sjå ærlege folk. Han vil nok få sin finnarløn. Det har han krav på, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Per Kristian Klausen til NRK.

Førebels veit ikkje politiet noko om kvar pengane kjem ifrå. Dei vil heller ikkje seie noko om kor mange tusen kroner det dreiar seg om.

– Då hadde det vel blitt kø utanfor Lillesand lensmannskontor i morgon, ler Klausen.

Fleire Pokémon-hendingar

Pengefunnet i Lillesand føyer seg inn i ei lang rekkje hendingar i samband med Pokémon-jakt.

Mikael Ferling fant flere tusen kroner på Pokemonjakt

Mikael var ute på jakt etter Pokémon-figurar da han fann pengane.

Foto: Tom-Richard Hansen / NRK

I den danske byen Odense fann ein mann eit lik i ein dreneringskanal.

I Kristiansand sløkte to ungdommar ein brann i ei leikehytte medan dei var ute for å fange Pokémon.

I Mandal bad ei kvinne politiet komme å fjerne «irriterande» Pokémon utanfor bustaden hennar.