Hopp til innhold

Fann truleg sprengstoff – henta ut fleire gjenstandar frå hus

Funn av det som truleg er sprengstoff gjorde at politiet i Agder tilkalte bombegruppa til politiet.

Funn av mogleg sprengstoff i Søgne

Bombegruppa til politiet har henta ut fleire gjenstandar frå eit hus i Søgne etter melding om mogleg funn av sprengstoff.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Funnet vart gjort i samband med pågriping av to personar i ei narkosak i Søgne i Kristiansand.

– Det er gjort funn av det som framstår som sivilt sprengstoff. Det er er ikkje ei bombe, sa Jarl Nilsen i Agder-politiet søndag føremiddag.

– Vi har ikkje kompetanse på å sikre det på ein forsvarleg måte. Difor tilkallar vi bombegruppa, sa han.

Henta ut gjenstandar

Politiet sperra av eit området rundt huset. Dei hadde også med seg hund.

Rundt klokka 14 avslutta bombegruppa arbeidet på staden. Då hadde dei teke med seg fleire gjenstandar frå huset.

– Eg vil ikkje gå inn på detaljar, men det er teke med nokre gjenstandar som skal destruerast, seier Ole Bjørn Kleivane i Agder-politiet.

Arbeidet med å destruere funna skal allereie vere ferdig, ifølgje Kleivane.

Dei to personane som er pågripne vert avhøyrde søndag.

I eit bustadområde

Bombegruppa skulle bistå Agder-politiet med sikring, dersom det var sprengstoff som var i huset.

Funnet vart gjort i eit privat hus i eit bustadområdet i Søgne.

Politiet har heile tida understreka at det aldri var fare for omgjevnadene.

Bompegruppa kom til Sørlandet med helikopter i rundt klokka 11 søndag. Helikopteret landa ved Lunde skole.

Funn av mogleg sprengstoff i Søgne
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Mogleg funn av sprengstoff i Søgne
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Mogleg funn av sprengstoff i Søgne
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Bombegruppa tilkalt etter funn av sprengstoff i Søgne
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Funn av sprengstoff i Søgne
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
Funn av sprengstoff i Søgne
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %