Fann nesten 160 000 sigarettar
Tollarane i Ørje i Østfold fann 159.800 sigarettar i eit hemmeleg rom i ein campingbil. Eit polsk par som køyrde bilen, sa dei ikkje visste noko om sigarettane. Dei forklarte at formålet med turen var å reise på ferie, først til Kristiansand og sidan til Bergen.